Zenit St. Petersburg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Logo
Lagoppstillingane i UEFA-cupfinalen 2008, Zenit i kvite drakter

Futbolnyj Klub Zenit Sankt-Peterburg (russisk Футбольный клуб «Зенит» Санкт-Петербург) er ein fotballklubb i St. Petersburg (tidlegare Leningrad) i Russland, som i 2008 vann UEFA-cupen.

Klubben vart stifta i mai 1925 av arbeidarar ved Leningrad metallfabrikk og tok då namnet Stalinez, etter sovjet-leiaren Josef Stalin. Frå 1930 deltok klubben i fotballmeisterskapen for Leningrad. I 1940 fekk klubben sitt noverande namn, Zenit, to år etter at klubben for fyrste gong spela i toppdivisjonen i Sovjetunionen. I 1944, nokre månader etter at byen hadde fritt seg frå kringsetjinga til den tyske hæren, vann Zenit den sovjetiske cupen for fyrste og einaste gong.

Zenit spela i øvste divisjon frå 1945 til 1989. I 1967 vart klubben sist i divisjonen, men rykte likevel ikkje ned. Dei sovjetiske leiarane meinte det ville vere gale at eit lag frå Leningrad skulle ryke ut, same året som femtiårs-jubileet for bolsjevik-revolusjonen vart feira i Leningrad. Zenit vart seriemeister i Sovjetunionen i 1984, same året nådde laget også cupfinalen.

Etter Sovjetunionen braut saman i 1991 fekk Zenit plass i øvste divisjon i Russland, men rykte ned allereie etter den fyrste sesongen. Sidan 1996 har klubben spela fast i toppdivisjon. Zenit vann den russiske cupen i 1999 og 2010. Klubben tok sin fyrste seriemeistertittel i 2007, ein prestasjon som vart kopiert i 2010 og i 2012. Høgdepunktet for Zenit kom 14. mai 2008, då vann laget UEFA-cupen etter å ha slått skotske Rangers FC 2-0 i finalen.

Klubben spelar heimekampane på Petrovskij stadion med plass til 21 570 tilskodarar. Laget spelar i lyseblå trøyer og bukser.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.