Zerynthia rumina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Zerynthia rumina


Zerynthia rumina africana
Zerynthia rumina africana

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Arthropoda
Underrekkje: Hexapoda
Klasse: Insecta
Orden: Lepidoptera
Familie: Papilionidae
Slekt: Zerynthia
Art: Z. rumina
Vitskapleg namn
Zerynthia rumina

Zerynthia rumina er ein dagaktiv sommarfugl i svalestjertfamilien.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Kroppen har eit ytre skjelett (hudplater) som held dei mjuke indre organa på plass. Det ytre hudskjelettet er for det meste bygd opp av kitin.

Dei indre organa i bakkroppen er meltingsorgan, kjønnsorgan og andredrett. Andedretten hos sommarfuglar foregår ikkje med lunger, men ved at luft hentast inn og ut av kroppen gjennom små hol i hudskjelettet (spiraklar). I kroppen er der eit svært finmaska system av trakéar som leiar oksygen til kroppen sine vitale delar. Ei blodvæske som sirkulerar i kroppen vert pumpa rundt av eit avlangt røyrforma hjarte. Ein stor del av brystpartiet er vengene sin muskulatur. Sanseorgan for syn, smak og lukt er stort sett plassert i hovudet. Nervesystemet er sett saman av ein bukmarg med to nervestrengar og ein nerveknute (ganglion) i kvart kroppssegment. Den fyrste nerveknuten, som ligg framfor munnopninga, er særskilt stor og vert kalla hjernen.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Zerynthia rumina finst sørvest i den palearktiske regionen, på nesten heile Den iberiske halvøya, sør i Frankrike, vest i Italia og nord i Atlasfjella aust til Tunisia.[1] Arten lever i dei fleste biotopar, men er truleg vanlegast i kystnære fjellområde.[2] Han finst i høgder opp til 2100 moh., avhengig av område.[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Tolman Tom och Lewingtion Richard: Collins Butterfly Guide, HarperCollins Publishers, London 2008. ISBN 9780007279777. . Referanse frå Svensk Wikpedia.
  2. Higgins Lionel G. och Riley Norman D.: Europas fjärilar, Almqvist & Wiksell Förlag AB, Stockholm 1971, Hargreaves Brian. . Referanse frå Svensk Wikpedia.
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!