Zetor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Zetor 25A
Zetor 5245

Zetor er ein traktormerke produsert av Zbrojovka i Brno i Tsjekkia. Denne verksemda har produsert traktorar sidan 1946. Sjølv om grunnkonstruksjonen var enkel, var tidlege traktorar frå Zetor svært moderne i høve til mange av konkurantane. Den fyrste modellen, Zetor 25, fekk snøggt eit godt rykte og vert i dag rekna som ein klassikar. Zetor nytta moderne dieselmotorar og traktorane fekk rykte for å vera driftssikre og slitesterke. Zetor var òg ein av dei fyrste traktorprodusentane til å tilby firhjulsdrift. På grunn av låge produksjonskostmadar klarte Zetor å halda prisane lågare enn dei fleste konkurentane.

Sidan 1946 har Zetor produsert over 1,1 millionar traktorar, som dei har levert til over 80 forskjellige land. Noreg har vore eit av dei viktigaste avtakarlanda for Zetor og på 80-talet var Zetor i fleire år marknadsleiar i Noreg. Finland var ein anna viktig marknad for Zetor.

Zetor har samarbeidd med Ursus i Polen, ZRS i Slovakia og Agrale i Brasil. På 90-talet produserte Zetor traktorar for John Deere, som John Deere selgde under sitt eige namn. På 50- og 60-talet vart Zetor produsert på lisens i fleire land, mellom anna India og Irak.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Zetor