Zhang Shuguang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zhang Shuguang
Statsborgarskap Folkerepublikken Kina
Fødd 25. desember 1956 (67 år)
Yrke ingeniør
Politisk parti Kinas kommunistparti

Zhang Shuguang (kinesisk skrift 张曙光), fødd i desember 1956 i Shanghai i Folkerepublikken Kina, er ein leiande kinesisk jernbaneingeniør med heimstad i Liyang i Jiangsu.

Zhang vart uteksaminert frå Lanzhou jernbaneuniversitet i 1982. Han var nestsjefsingeniør for jernbaneministeriet i Kina og nestsjefdesigner for høghastigheitsjernbanar i Kina i ei tid då landet hadde ei stor utbygging av desse. Våren 2011 blei Zhang Shuguag avsett frå desse stillingane for korrupsjon. Han følgde jernbaneministeren Liu Zhijun.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Off the rails?, The Economist, Mar 31st 2011