Zhangzhou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Zhangzhou si plassering i Fujian

Zhangzhou (kinesisk: 漳州; pinyin: Zhāngzhōu) er eit byprefektur heilt sør i provinsen Fujian i Kina, på kysten ut mot Taiwansundet og Sørkinahavet. Byprefekturet har eit areal på 12 607 km2 og hadde i 2009 kring 4,8 millionar innbyggjarar. Byprefekturet Zhangzhou består av to distrikt, eitt byfylke og åtte fylke.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 319 fører gjennom byprefekturet. Riksvegen byrjar i Xiamen og går nordvestover gjennom provinsane Fujian, Jiangxi, Hunan og Chongqing, til han endar opp i Chengdu, hovudstaden i provinsen Sichuan. Også Kinas riksveg 324 fører gjennom området. Han går frå Fuzhou i provinsen Fujian og gjennom Guangdong, Guangxi, Guizhou, og endar i Kunming i Yunnan.