Zhanjiang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Zhanjiang si plassering i Guangdong

Zhanjiang (kinesisk: 湛江; pinyin: Zhànjiāng) er eit byprefektur heilt i sørvest i provinsen Guangdong ved Kinas kyst mot Sørkinahavet. Prefekturet har eit areal 12 490 km2 og eit folketal på 6 902 400 (2008). Sjølve byen Zhanjiang hadde 568 000 innbyggjarar i 2004. Byprefekturet Zhanjiang består av fire distrikt, tre byfylke og to fylke.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 207 går gjennom området. Han byrjar i Xilinhot i Indre Mongolia nær grensa til Mongolia, går sørover og endar i Hai'an, ein by i Xuwen fylke sør på Leizhouhalvøya lengst sørvest i provinsen Guangdong. Også Kinas riksveg 325 (Guangnanvegen) går gjennom området. Han fører vestover frå Guangzhou i Guangdong til Nanning i den autonome region Guangxi.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Zhanjiang var til 1898 ein fiskarlandsby. Franske styrkar erobra byen og grunnla ein handelskoloni. Kinesiske styresmakter vart tvinga til å inngå ein avtale om å bortpakte området, kalla Guangzhouwan, til Frankrike for 99 år. Sidan området rundt hamnebyen var fattig, vart ikkje den økonomiske utviklinga som i Hong Kong eller i Macao. Byen vart tilbakeført til Kina i 1946.

Byen opplevde sterk vekst, særleg etter Deng Xiaoping kom til makt i Folkerepublikken Kina. Byen har djupvasshamn og ligg lagleg til for transport til rike område langs den sørkinesiske kysten.