Zhao Ziyang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Zhao Ziyang med president Ronald Reagan utanfor Det kvite huset i oktober 1984
Foto: Ronald Reagan Library.

Zhao Ziyang (tradisjonell kinesisk 趙紫陽, forenkla kinesisk 赵紫阳 pinyin Zhào Zǐyáng) (fødd 17. oktober 1919 i fylket Hua i Anyang i provinsen Henan i Kina, død 17. januar 2005 i Beijing) var ein politikar i Folkerepublikken Kina og statsminister i landet i perioden 1980 til 1987, samt formann for Det kinesiske kommunistparti frå 1987 til 1989. Han innførte fleire reformer som mellom anna auka produksjonen og var med på å straumlinjeforma det tungrodde byråkratiet, i tillegg til at han var motstandar av korrupsjon. Reformene hans støtte på motstand internt i det kommunistiske maktapparat, og då han i mai 1989 viste forståing for studentane som protesterte og sveltestreika på Den himmelske freds plass, vart han sett av og halde i husarrest dei sisten 16 åra av livet sitt.

Innhaldsliste

Karriere [endre]

I 1932 tredde han inn i den kommunistiske ungdomsligaen og arbeidde for kommunistpartiet i skjul under krigen mot Japan. I 1950-åra avanserte han opp til leiinga i partiet i provinsen Guangdong, og i 1960-åra vart han forfremma til partisekretær i denne provinsen.

Landbruksreformer hans medverka til at delar av Kina om seg raskare etter «Det store spranget». Han løyste opp folkekommunar og let bøndene dyrke sjølveigde jordlappar. Sidan han på den måten var på linje med og støtta generalsekretæren i partiet Liu Shaoqi, fall han i unåde under Kulturrevolusjonen. Han mista det høge vervet sitt, vart paradert gjennom gatene i Guangzhou iført botshatt (ein slags dumstrut), og vart i 1971 kommandert til arbeid i Indre Mongolia.

Alt i mars 1972 byrja ei forsiktig rehabilitering. Han vart sekretær og viseformann for revolusjonskomitéen i Indre Mongolia.

I august 1973 vart han fullstendig rehabilitert på grunn av statsminister Zhou Enlai, og vendte tilbake til Guangdong i april 1974 som førstesekretær for kommunistpartiet der og formann for revolusjonskomiteen. I september 1975 vart han i tillegg politisk komissar for Guangdong militærdistrikt.

Partisjef i Sichuan [endre]

I desember 1975 vart han sendt til den mest folkerike provinsen i landet, Sichuan. Der vart han første partisekretær, og gjennomførte marknadsøkonomisk orienterte reformer som førte til ein rask auke av produktiviteten. Det oppstod eit uttrykk i Sichuan som vedvarte lenge etter at han forlet provinsen: 要吃粮,找紫阳 Yao chi liang, Zhao Ziyang, som er eit ordspel med namnet hans Zhao Ziyang og som kan laust omsetjast som «Vil du spise, så følg Zhao Ziyang». Samtidig var Zhao medlem av partikomiteen for kommunistpartiet. I 1977 vart han òg alternerande medlem av Politbyrået, og eit par år etter vart han stadfortredar for statsministeren, og fast medlem av politbyrået.

Attentat [endre]

Sidan Sichuan var ein arnestad for radikalisme under Kulturrevolusjonen, var tilhengjarane av det som seinare er vorte kalla Firarbanden særs sterke i sine forsøk på å forpurre reformene til Zhao der. Men politikken til Zhao hadde enorm folkeleg støtte, og tilhengjarane av Firarbanden greip til attentat mot livet hans etter at alle meir siviliserte forsøk på å stanse han ikkje førte fram. Gjennom åra i Sichuan under Kulturrevolusjonen var det minst seks attentat mot han. Det mest alvorlege var då jeepen hans køyrte inn i eit bakhald i ein trong dal. Der lukkast attentatmennene nesten, men sekretæren og sjåføren til Zhao gav livet sidan medan han redda han frå det jordraset som åtakarane utløyste. Dei siste ansvarlege for åtaka vart ikkje teken av politiet før i 1983.

Statsminister, så generalsekretær [endre]

Etter eit halvt år som vikarierande statsminister (leiar for statsråd Folkerepublikken Kina), vart Zhao i 1980 utnemnt til statsminister. Det var han som utvikla planen om særskilde økonomiske kraftsentra i kystområda, ein politikk som er vorte verkeleggjort og har transformert mykje av kinesisk økonomi. I 1982 vart han med i Politbyrået sin ståande komité. I januar 1987 vart han òg generalsekretær for det kinesiske kommunistiske partiet.

Som generalsekretær i kommunistpartiet stod han for ein opnare utanrikspolitikk og for gjennomføring av økonomiske reformer. Zhao kalla politiske reformer for «den største utfordringa i sosialismen». Han var av den oppfatninga at økonomisk framgang berre kunne lukkast i samband med demokratisering. Alt i 1986 gjekk han som den første leiande kinesiske kommunistpolitikar opent inn for politiske endringar i denne retning, og innførte ei ordning med at ved val på landsbynivået skulle vere fleire kandidatar å velje mellom til dei postar som stod til val. Dette konseptet meinte han gradvis skulle gjennomførast heilt fram til sentralkomitenivå.

På det økonomiske området gjekk han inn for mange reformer. Han utvikla «teorien om mellombelse stadium», som han førestilte seg som kursen mot ei reformering av det sosialistiske systemet. På Partikongressen i 1987 erklærte Zhao at Kina var inne i «ein primær fase av sosialismen» som kunne kome til å vare i 100 år. Under dette stadium sa han at Kina trong å eksperimentere med fleire økonomiske system for å stimulere produksjonen. Zhao føreslo å separere rollene til Staten og Partiet. I tråd med dette vart Li Peng etterfølgjar av Zhao Ziyang som statsminister.

Forslaget om skilje mellom Parti og Stat er seinare vorte eit tabu i Kina. Det er vestlege observatørar som meiner at dei to åra då Zhao var generalsekretær var dei mest opne i moderne kinesisk historie — mange avgrensingar av ytringsfridomen og pressefridomen vart slappare, slik at intellektuelle fritt kunne stå opent fram med sine tankar om betringar for landet.

Det vart gjennomføringa av denne teorien som frå då og framover, lenge etter hans eige fall, akselererte den kraftige økonomiske oppsvinget i landet.

Vel vart han òg kritisert som revisjonisme av marxismen. Men han prøvde å gjere regjeringa meir transparent og fremma ein politisk dialog som kunne gjere den vanlege borgar delaktig i dei politiske prosessane. Dette gjorde han særs populær hos folket.

Zhao sitt framlegg i mai 1988 om å akselerere prisreformene førte derimot til utstrekt folkeleg misnøye. Reformene utløyste nemleg ein kraftig inflasjon. Dette gav motstandarane mot rask reformtakt ei opning; dei gjekk inn for større sentralisering av økonomiplanlegginga og striktere tiltak mot vestleg innflyting. Det følgde ein politisk debatt som vart meir oppheita gjennom vintermånadane 1988/89.

Andre halvdel av 1988 såg ein stadig svekking av den politiske posisjonen til Zhao. Zhao fann seg sjølv bunde på fleire frontar av partikorifear som kjempa sine revirkampar. Mange av dei vart meir og meir misnøgd med den tilbakelente haldninga Zhao hadde til ideologiske spørsmål. Den økonomisk konservative fraksjonen i Politbyrået, ført av Li Peng og Yao Yilin, var stadig i tottane på Zhao vedrørande økonomiske og fiskale spørsmål. Den galopperande inflasjonen sette òg Zhao under eit aukande press frå vanlege partimedlemmer og familiane deira. Ved inngangen til 1989 var det klart at dei politiske problema til Zhao hadde tårna seg opp til det nesten uhandterlege; han kjempa på eit vis for sitt politiske liv. Om han ikkje ville klare å snu om på inflasjonen heller raskt, ville den opne konfrontasjon med dei konservative i partileiinga vere uunngåeleg.

På dette tidspunkt døydde brått den tidlegare partigeneralsekretæren Hu Yaobang. Han var generelt sett på som å ha vore ein reformvennleg leiar, og då han døydde fekk Zhao eit gyldent høve til å gjenvinne initiativet og presse vidare med reformprogrammet sitt.

Tiananmen-demonstrasjonane [endre]

Då Hu Yaobang døydde vart det sett i gang krefter som ingen heilt kunne styre eller føresjå. Kombinert med voksande økonomiske problem for vanleg folk årsaka av den høge inflasjonen, kom det til store protestaksjonar frå studentar, intellektuelle og misnøgde borgarar i Beijing, og som fekk den enorme «storstova» i landet, Den himmelske freds plass (Tiananmen-plassen).

Kort etter at det heile starta, vart situasjonen tilspissa på grunn av ein leiarartikkel i partiavisa Folkets Dagblad den 26. april, der studentane vart kalla «anti-parti og anti-sosialistiske urostiftarar». Zhao meinte å gjenkjenne leiaren i landet, Deng Xiaoping, på uttrykksmåten.

Den 17. mai var det eit avgjerande møte heime hos Deng Xiaoping om demonstrasjonane. Zhao Ziyang gjekk inn for at regjeringa skulle slutte med sine truslar mot protestantane, for å dempe med situasjonen. To konservative kommunistar spratt då straks opp og starta å skulde han for å ha medverka til protestane. Deng fekk det siste ordet og meddelte at han akta å utrope krigstilstand og flytte militære styrkar inn i Beijing. Zhao ville ikkje gje tilslutninga si: «Eg nekta å vere den generalsekretæren som mobiliserte tropper for å slå ned på studentane».[1]

Den 19. mai, klokka 16.50 kom Zhao Ziyang, i lag med av stabssjef Wen Jiabao, frå det nærliggande regjerings- og partihovedkvarteret Zhongnanhai til Den himmelske freds plass. Den fremste rivalen hans, Li Peng, vart òg med - men Zhao hevdar at Li vart skrekkslagen over det han såg, og raskt kom seg vekk.[2] Zhao Ziyang snakka så med dei protestreande. Han heldt ein kort tale med megafon der han oppfordra studentane til å avslutte sveltestreiken. Han vart overført på riksprogrammet til kinesisk fjernsyn. Ikkje mange av studentane følgde rådet om å kome seg bort.

Delar av talen han heldt er vorte velkjend og sitert mange gonger, sjølv om ingen medier sendte nokre reprisar. I talen refererte han mellom anna til generasjonen sin og sa: «Vi er alt gamle, det er ikkje lenger viktig for oss». I motsetnad til dei var studentane unge og han oppfordra dei til å ta vare på helsa si og ikkje ofre seg unødvendig. Med tårer i augo bad han om årsak for å ha «kome for seint», og bad dei innstendig avbryte protestane sine. Med det lukkast han ikkje i.

Samstundes var dei andre leiarane for kommunistpartiet, Deng Xiaoping, Yang Shangkun, Li Peng og Hu Qili, godt i gang med å førebu innføring av krigsrett for å slå ned demonstrasjonane.

Kva som rørte Zhao til haldninga si overfor protestane, er mykje omdiskutert hos kinakjennarar. Nokre har hevda at han håpa at ein imøtekommande gest overfor demonstrantane ville styrke taket hans på Li Peng i den tilstundande opne maktkampen med hardlinerane innan kommunistpartiet. Andre meiner at han rett og slett støtta demonstrantane og ikkje ville at dei skulle kome til skade under den militære reaksjon han visste elles ville kome.

Kort etter møtet hans med demonstrantane vart han arrestert, og så sett i husarrest i heimen sin i Zhongnanhai. To veker etter vart hæren sendt inn for å oppløyse samlinga av protesterande, noko som skjedde med mykje vald.

Wen Jiabao, som vart oppfatta som å stå på same linje, opplevde ikkje slikt under dei partiutrenskingane som følgde. Årsaka er uklar.

Husarrest og død [endre]

Zhao Ziyang vart verande i husarrest resten av livet sitt. Kva han mellom anna gjorde på, er berre kjend etter han døydde. Trass i den strenge overvakinga klarte han å forfatte og tale inn memoara sine på kassettar.

Døden hans i 2005 vart rapportert særs dempa av dei kinesiske massemediene, truleg ut av frykt for å utløyse folkelege reaksjonar som dei som følgde dødsbudskapa til Zhou Enlai (1976) og Hu Yaobang (1989). Pressen nemnte ikkje ein gong at han i si tid hadde vore leiar i kommunistpartiet.

Tidlegare formann for Den nasjonale folkekongressen, Wan Li, og meir enn 20 pensjonerte medlemmer av Politbyrået, av dei tidlegare visestatsminister Tian Jiyun, hadde rett etter Zhao døydde bede partileiinga om å rehabilitere namnet til Zhao og halde minneseremoniar. Men dei oppnådde ikkje stort. Normalt ville dei mange høge verva til Zhao ha ført til at han fekk statsgravlegging, men det skjedde ikkje. Det vart meddelt at statsgravleggingar ikkje lenger skulle arrangerast.

Hemmelege memoarar [endre]

Den 14. mai 2009 vart dei hemmelege memoarane til Zhao offentleggjort på kinesisk (i Hongkong) og engelsk. Boka hadde den engelske tittelen Prisoner of State, og stammar truleg frå hemmelege opptak medan Zhao sat i husarrest.[3] I den 336 sider lange boka roser Zhao i siste kapittel det vestlege parlamentariske demokratiet og meiner at det er berre ved eit slikt system at landet hans kan løyse korrupsjonsproblemet og det veksande gapet mellom rike og fattige.[4]

Bibliografi [endre]

Kjelder [endre]

  1. Prisoner of the State: The Secret Journal of Premier Zhao Ziyang
  2. Prisoner of the State: The Secret Journal of Premier Zhao Ziyang
  3. Secret Tiananmen memoirs revealed, BBC News Online, 14. mai 2009
  4. Deposed Chinese leader's memoir out before June 4, Associated Press, 14. mai 2009