Zhejiang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Zhejiang

Zhejiang (浙江; pinyin Zhèjiāng; lokal uttale Tzekkan /tsəʔkɑ̃/) er ein av dei minste provinsane i Kina og samstundes ein av dei rikaste. Han ligg ut mot Austkinahavet. Frå nordaust til sør grensar han til Shanghai og provinsane Jiangsu, Anhui, Jiangxi og Fujian. Namnet på provinsen kjem frå det som no er elva Qiantang, som tidlegare heitte Zhejiang. Provinsen dekker eit flatemål på 101 800 km². Folketalet vart i 2009 berekna til 51,8 millionar. Provinshovudstaden er Hangzhou. Av dei særleg velståande byane finn ein òg Wenzhou og Ningbo.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Xihu-sjøen i Zhejiang.

Zhejiang består for det meste av åsar og høgdedrag, som dekker om lag 70 % av den samla landvidda i provinsen. Største høgdene finn ein i sør og vest. Høgste fjelltoppen i provinsen, 1 921 meter høge Huangyajian, ligg i sørvest. Fjellrekker som Yandang Shan, Tianmu Shan, Tiantai Shan og Mogan Shan. Desse høgdedraga og fjella, på mellom 200 til 1 000 moh, går tvert gjennom provinsen.

Dalar og sletter finst langs elvar og på kysten. Nord i provinsen, straks sør for det store deltaet til Chang Jiang, er eit sletteland der byane Hangzhou, Jiaxing, og Huzhou ligg. Keisarkanalen kjem der inn frå nord og endar i Hangzhou. Eit anna ganske flatt område er langs elva Qujiang, i kring byane Quzhou og Jinhua. Qiantang og Qujiang er dei største elvane. Dei fleste elvane grev ut dalar i høglandet, og har mange fossar. Ein større innsjø ligg vest for Hangzhou, ein annan sør for Jiaxing.

Langs den opprivne kysten av Zhejiang ligg over tre tusen øyar. Største øya, Zhoushan, er den tredje største øya i folkerepublikken Kina, etter Hainan og Chongming. Mellom dei mange buktene er Hangzhoubukta den største.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Zhejiang har eit fuktig subtropisk klima med fire ulike årstider. Våren tek til i mars og er regnfull med skiftande verlag. Sommaren, frå juni til september, er lang, heit og fuktig. Hausten er jamnast tørr, varm og solrik. Vintrane er korte og kalde, då sett vekk frå områda heilt i sør. Årleg middeltemperatur er kring 15 til 19°C. Middeltemperaturen for januar varierer frå rundt 2 til 8 °C, snittemperatur for juli er 27 til 30 °C. Årleg nedbørsmengd er om lag 1 000 i dei tørraste delane, og opp til 1 900 mm. Tidleg på sommaren regnar det mykje, på seinsommaren er Zhejiang sterkt utsett for tyfonar danna ute i Stillehavet.

Frå ei internasjonal oppvising ved Wenzhou medisinske høgskule.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Heile 99,2 % av innbyggarane i Zhejiang er han-kinesarar. Dei resterande 0,8 % er til saman 400 000 menneske, halvparten av desse er shefolk. Denne folkegruppa har òg sitt eige fylke, Lishui, dei einaste i sitt slag i Kina. Nest største minoritetsgruppa er 20 000 huifolk.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Provinsen er frå gammalt kjent som «landet av fisk og ris». Risavlinga er framleis den viktigaste, etterfølgd av kveite, medan det nordlege Zhejiang er eit senter for havbruk i Kina, og zhoushanfisket det største fisket i landet. Andre viktige handelsvarer er jute og bomull. Provinsen er den leiande teprodusenten i Kina. Byane i Zhejiang har vore kjent for sine handverksprodukt av silke.

Zhejiang er i dag ein av dei rikaste og mest marknadstilpassa provinsane i Kina. Industriproduksjonen er konsentrert om elektromekanisk industri, tekstilprodukt, kjemisk industri, matvarer og byggematerialar. I dei seinare år har Zhejiang følgd sin eigen utviklingsmodell, kalla Zhejiang-modellen. Denne baserer økonomien på store offentlege investeringar i infrastruktur, samt på entreprenørskap og småbedrifter som snøgt kan tilpasse seg skiftande marknader, og på produksjon av lavprisvarer i bulk for både innanlandsk forbruk og eksport. Ningbo, Wenzhou, Taizhou og Zhoushan er dei viktigaste hamnebyane.

Nettoinntekta for folk i elleve av dei største byane i Zhejiang er alle inne mellom dei 30 høgste snittinntektene i kinesiske byar. Folk i byane i provinsen har ei gjennomsnittleg inntekt meir enn dobbelt så høg som folk på landsbygda. Utviklinga i dei ulike regionane i Zhejiang er likevel meir balansert enn ho er i mange andre kinesiske provinsar.

Administrasjonseiningar[endre | endre wikiteksten]

Zhejiang er delt i 11 administrative einingar på prefekturnivå, der to er subprovinsielle byar og ni er byprefektur:

Kart Nr. Namn Hanzi Pinyin Administrasjonssete
Zhejiang prfc map.png
Subprovinsiell by
1 Hangzhou 杭州市 Hángzhōu Shì Gongshu distrikt
2 Ningbo 宁波市 Níngbō Shì Haishu distrikt
Byprefektur
3 Huzhou 湖州市 Húzhōu Shì Wuxing distrikt
4 Jiaxing 嘉兴市 Jiāxīng Shì Nanhu distrikt
5 Jinhua 金华市 Jīnhuá Shì Wucheng distrikt
6 Lishui 丽水市 Líshuǐ Shì Liandu distrikt
7 Quzhou 衢州市 Qúzhōu Shì Kecheng distrikt
8 Shaoxing 绍兴市 Shàoxīng Shì Yuecheng distrikt
9 Taizhou 台州市 Tāizhōu Shì Jiaojiang distrikt
10 Wenzhou 温州市 Wēnzhōu Shì Lucheng distrikt
11 Zhoushan 舟山市 Zhōushān Shì Dinghai distrikt

Dei elleve einingane på prefekturnivå er delt i 90 på fylkesnivå (32 distrikt, 22 byfylke, 35 fylke, og eit autonomt fylke). Desse er i sin tur delt i 1 570 einingar på kommunenivå ((761 bykommunar, 505 landkommunar og 14 etniske landkommunar, samt 290 subdistrikt.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den kinesiske antikken[endre | endre wikiteksten]

Detalj av ein sjelevase av seladon funnen ved Shaoxing. Frå Det vestre Jin-dynastiet (265-326).

Zhejiang låg utanfor området den kinesiske sivilisasjon hadde innverknad på under Shang-dynastiet. Folkesetnaden der vart av kinesarane kalla yue, som dongyue- og ouyue-folket. Under vår- og haustannaltida oppstod staten Yue i det nordlege Zhejiang. Dette området mottok stadig sterkare kinesisk press, og under kong Goujian av Yue oppnådde Yue den største makta si då han i 473 f.Kr. klarte å utslette den mektige staten Wu. Men i 333 f.Kr. vart Yue i sin tur erobra av staten Chu lenger vest. Til slutt underla staten Qin seg alle dei gjenverande sinifiserte statane i 221, og samla Kina i dynastiet sitt.

Gjennom Qin-dynastiet (221–206 f.Kr.) og Han-dynastiet (206 f.Kr.–220 e.Kr.) var Zhejiang kontrollert av det samla Kina, men området var berre ei grensesone, og det sørlege Yue i beste fall berre nominelt var del av Kina. Der dominerte framleis dei framande yue-folka, som heldt på sine eigne politiske og sosiale strukturar. Mot slutten av tida til Han-dynastiet var det lokale konkurrerande krigsherrar som styrte i området. Dei var Yan Baihu og Wang Lang, som etter kvart måtte gje tapt for Sun Ce og Sun Quan, som så klarte å opprette kongedømet Wu (222–280), eitt av dei tre kongedøma.

Frå 300-talet og framover trengte nomadiske folk inn i Kina frå nord. Dei kom ikkje så langt ned som til Zhejiang, men området vart sterkt prega og endra av den store flyktningestraumen frå nord som denne invasjonen førte med seg. Dei oppretta det austlege Jin-dynasti og dei sørlege dynastia; dette framskynda sinifiseringa av det vi i dag reknar som Sør-Kina, inklusive Zhejiang.

Kinesisk mellomalder[endre | endre wikiteksten]

Sui-dynastiet gjenoppretta den nasjonale eininga og bygde Keisarkanalen, som knytte Hangzhou til Den nordkinesiske sletta. Denne handelsvegen vart ei vital lenke til sentrum av den kinesiske sivilisasjon.

Tang-dynastiet (618-907) gav heile landet ein gullalder. Zhejiang var då rekna som del av Jiangnandong-kretsen, og tidskjelder starta å omtale området for velstand som var der. Seinare, då Tang-styret smuldra hen, utgjorde Zhejiang storparten av det regionale kongedømet Wuyue.

Fuchan-fjella måla av Huang Gongwang under Yuan-dynastiet.

Det nordlege Song-dynasti gjenoppretta den nasjonale eininga kring 960. Under Song-dynastiet stara velstanden i Sør-Kina å overskugge velstanden i Nord-Kina. Etter at Nord-Kina gjekk tapt til dei inntrengande jursjenarane i 1127 steig Zhejiang fram på den kinesiske hovedscenen: Vår tids provinshovudstad, Hangzhou, vart hovudstaden for den hankinesiske sørlege Song-dynastiet som heldt seg ved makt i Sør-Kina. Byen vart kjend velstanden og venleiken, og kan på den tida ha vore den mest folkerike i verda.[1] Sidan den gongen har det nordlege Zhejiang, saman med det tilgrensande sørlege Jiangsu, vore synonymt med den luksusen og overfloden som den kinesiske kulturen kunne oppvise.

Den mongolske erobringa av Kina, og opprettinga av Yuan-dynastiet deira i 1279 gjorde at den politiske nøkkelrolla til Hangzhou var over, men byen heldt fram å bløme; Marco Polo vitja byen, som han kalla «Kinsay», og kalla han «den finaste og edlaste byen» i verda.[2]

Zhejiang-keramikk[endre | endre wikiteksten]

Seladonfat med fisk. Laga i Longquan på 1300-1400-talet og eksportert til Midtausten.

Zhejiang, og særleg Longquan-distriktet, vart kjent under Song- og Yuan-tida for den særeigne grøne keramikken (seladon). Seladon frå Sør-Songtida vert karakterisert ved den tjukke salveaktige glaseringa med ein eigen blågrøn farge over ei elles udekorert, lett grå og delikat utforma porselensform. Longquan-seladon frå Yuan-tida har ei tynnare grøn glasering over stadig større porselenskar i mønster og former inspirert frå keramikk og metallarbeid frå Midtausten. Dei vart produsert i store kvanta og vart ei av de viktigare kinesiske eksportartiklane i handelen ned Søraust-Asia og Midtausten, og seinare (under Ming-tida) nådde han òg Europa. I Ming-tida sokk elles kvaliteten og keramikkindustrien i Longquan sokk hen. Etter kvart vart dei forbigått i kvalitet og popularitet av keramikk frå Jingdezhen i den tilgrensande Jiangxiprovinsen.[3]

Sidan Ming-tida[endre | endre wikiteksten]

Ming-dynastiet, som dreiv ut mongolane i 1368, var det første som kalla området for Zhejiang og gjorde det til provins under dette namnet. Grensene som dei fastslo har berre berre gjennomgått mindre endringar.

Då den vestlege kapitalismen starta å gjere seg gjeldande, vart Zhejiang den viktigaste handelsbrua mellom Shanghai, som var det økonomiske senteret i landet, og det velståande Sør-Kina.

Etter Doolittle-raidet under den andre verdskrigen, hamna dei fleste amerikanske B-25-mannskapa i denne delen av Kina, og vart hjelpt i tryggleik av kinesiske sivilister og soldatar. Japanarane let dei betalte dyrt for det; den japanske hæren gjennomførte Zhejiang-Jiangxi-kampanjen for å skremme kinesarane frå å hjelpe fleire stranda amerikanarar. Dei tok livet av rundt 250 000 sivile kinesarar medan dei leita etter mennene til Doolittle.[4]

Etter at Folkerepublikken Kina tok kontroll over Fastlandskina i 1949, klarte den no Taiwan-baserte Republikken Kina å halde kontrollen over Dachenøya utanfor kysten av Zhejiang heilt til 1955. På den øya oppretta dei til og med ei alternativ provinsregjering for Zhejiang.

Under Kulturrevolusjonen (1966–76) råda det kaotiske tilstandar i Zhejiang; økonomien i provinsen stagnerte. Særleg utprega var dette i åra 1966–69. Desse problema vart intensifisert av ein jordbrukspolitikk som satsa på kornproduksjon framfor meir innbringande alternativ. Sjølvbergingspolitikken til Mao og den kraftige reduksjonen av utanrikshandelen råka hamnebyane Ningbo og Wenzhou. Sjølv om Mao investerte stort i utviklinga av jernbanenettet i det indre av landet, vart det ikkje bygt nokre større jernbanelinjer for å bøte på dei vanskelege kommunikasjonstilhøva i det sørlege Zhejiang.[5]

Zhejiang var aldri yndlingen til sentralstyresmaktene. Provinsen har dårleg med naturressursar og ligg tildels utsett til for flaum. Men private kapitalistiske interesser har likevel gjort Zhejiang til økonomisk førande.[6] Det nordaustlege Zhejiang, som er del av Yangtzedeltaet, er flatt, meir utvikla, meir industrielt orientert, og det er her dei eldste spora etter sivilisasjonar i Zhejiang er funne.[7] Det sørlege Zhejiang er fjellrikt, og ikkje godt jordbruksland, og har tradisjonelt vore fattig og dårleg utvikla. Men særeigne økonomiske reformene til Deng Xiaoping frigjorde det lokale initiativet og tilrettela for entreprenørar, slik at framgangane der har vore nesten utan sidestykke i landet. Byane der, framfor alt Wenzhou men òg Yiwu, er vorte viktige eksportsenter.

Sjølv om det skurra med ideala til konfutsianismen fremma høglærde mandarinar i Zhejiang, mellom anna Shi Ye av Yongjia-skulen, engasjementet innan handel. Dette har òg medverka til å legge eit grunnlag for den økonomiske veksten og velstanden til Zhejiang.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]