Zheng He

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Statue av Zheng He i Malaysia.

Zheng He[1] (13711435) var ein kinesisk admiral og embetsmann som levde under Ming-dynastiet. Han leidde sju ekspedisjonar over Kinahavet, heilt til Persiabukta og Aust-Afrika.

I ettertida er Zheng He blitt ein av dei beste kjende kinesiske utforskarane av verda. Slutten på reisene hans markerer også slutt på rundt 400 år med kinesiske utforskingar sjøvegen.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Zheng He blei fødd som Ma He i Kunyang, ein by som ligg litt over 5 mil frå Kunming, hovudstaden i dagens Yunnanprovins i Kina. Familien hans var muslimsk, familienamnet Ma er ei kinesisk form av Muhammed. Namnet til faren, Ma Hajji, tyder på at han hadde vitja Mekka og utført hadj. Familien hevda at dei stamma frå ein mongolsk guvernør av Yunnan, og frå herskaren Muhammad av Bukhara.

I 1381, då Zheng He var rundt ti år gammal, blei det mongolske Yuan-dynastiet styrta av Ming-dynastiet. I 1382 erobra dei Yunnan, og guten blei fanga. Han blei ikkje avretta slik mange andre fangar blei, men gjekk seinare gjennom kastrasjon. Han blei også gjeve namnet San Bao, 'tre juvelar'.

Han blei teken i teneste som evnukk hjå prins Zhu Di av Yan, den fjerde sonen til keisaren. I 1403 tok prinsen trona som Yongle-keisaren, med diplomatisk og militær hjelp frå evnukken. Som takk fekk han namnet Zheng og stillinga som sjefsevnukk.

Grava til Zheng He i Nanjing.

I 1405 var Zheng He leiar for den første av i alt sju skipsekspedisjonar som føregjekk fram til 1433. I 1425 blei han utnemnd til kommandør av hovudstaden Nanjing, av Hongxi-keisaren, som bad han om å oppløysa store delar av hæren. I 1428 fekk Zheng He i oppdrag å fullføra Da Baoen-tempelet i Nanjing av Xuande-keisaren.

Zheng He la ut på ei siste ferd i 1431, og døydde under heimvegen, i den indiske hamnebyen Kozhikode. Han fekk eit gravminne reist over seg i Nanjing.

Reiser[endre | endre wikiteksten]

Under den første reisa si vitja Zheng He sin flåte Champa (no i Vietnam), Siam (nov. Thailand), Malacca (Melaka) og Java. Deretter kom han til Det indiske havet der han vitja Kozhikode, Kochi og Sri Lanka. Zheng He kom tilbake til Kina i 1407.

Den andre reisa byrja i 1409. Under denne reisa møtte han «forræderi» frå den srilankiske kongen Alagonakkara. Zheng He vann over styrkane hans og tok kongen med til Nanjing som fange.

Tredje reisa tok til i 1411, og gjekk forbi India til Hormuz og Persiabukta. På tilbakevegen var Zheng He innom Samudra nord på Sumatra.

Fjerde reisa tok til i 1413, og vitja hamner i Aust-Asia, India og Hormuz før delar av flåten drog sørover, ned den arabiske kysten, der dei vitja Djofar og Aden. Ei gruppe kinesarar vitja Mekka og drog vidare til Egypt. Flåten vitja også Brava, Malindi og Mogadishu i Aust-Afrika. Med seg frå denne turen tok Zheng He over 30 sendebod frå ulike asiatiske statar for å helsa den kinesiske keisaren.

Den femte reisa frå 1417 til 1419 vende tilbake til Persiabukta og kysten av Aust-Afrika.

I 1421 la Zheng He ut igjen for å frakta dei utanlandske sendeboda heim. Igjen vitja han Søraust-Asia, India, Arabia og Afrika.

Yongle-keisaren døydde i 1424. Etterfølgjaren hans ønskte å bygga ned flåten og gjorde slutt på ekspedisjonane.

Zheng He fekk ei siste ferd som la ut frå Kina vinteren 1431 og vitja Søraust-Asia, India, Persiabukta, Raudehavet og Aust-Afrika. Flåten vende tilbake til Kina i 1433, etter at Zheng He var død i India.

Utstyr[endre | endre wikiteksten]

Den første flåten Zheng He tok kommandoen over bestod av 317 skip, 62 av dei store skatteskip, og over 27 000 sjøfolk.

Utbytte[endre | endre wikiteksten]

Kinesar med sjiraff. Zheng He henta mellom anna heim eksotiske dyr frå reisene sine.

Reisene til Zheng He gav kinesarane kjennskap til nye delar av verda, og viste riket sin styrke til landa han vitja. Flåten hadde med seg gåver som silke, porselen og edelmetall, og fekk gjengåver som elfenbein, nashornmedisin og skjelpaddeskal, og ville dyr som sjiraffar, sebraer og strutsar. Særleg sjiraffen var ein dyrebar skatt, fordi han minna om det lukkebringande fabeldyret qilin.

Til forskjell frå seinare europeisk utforsking førte ikkje reisene til eit varig handelsnettverk over havet. Men etter at reisene tok slutt utvandra fleire kinesarar til Søraust-Asia, der dei forma store minoritetar og dreiv handel. Slik fekk Kina likevel kontakt med omverda også etter Zheng He.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Herbert K. Beals (2007), «He, Zheng», i David Buisseret, The Oxford Companion to World Exploration, Oxford University Press 
  • Jung-pang Lo (2010), «Zheng He», Encyclopædia Britannica, Encyclopædia Britannica Online 
  • Samuel M. Wilson (December 1992), «The Emperor's Giraffe», Natural History 

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. klassisk kinesisk 鄭和, forenkla 郑和, pinyin Zhèng Hé, Wade-Giles Cheng Ho

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Zheng He