Zhenjiang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Zhenjiang (gul) i Jiangsu

Zhenjiang (forenkla kinesisk: 镇江; tradisjonell kinesisk: 鎮江; pinyin: Zhènjiāng) er eit byprefektur i provinsen Jiangsu i Kina, på sørbreidda av Chang Jiang. Prefekturet har eit areal på 3 799 km² og 3 113 384 innbyggjarar i 2010. Av desse bur 1  189 320 i storbyen.

Byprefekturet Zhenjiang omfattar tre distrikt (区 ) og tre byfylke (市 shì).

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Byen ligg ved Keisarkanalen og Kinas viktigaste naturlege vassveg, Chang Jiang.

Den viktige jarnbanelinja Jinghubanen, som strekker seg frå Beijing til Shanghai har stoppestad i Zhenjiang. Også snøggtoget mellom Beijing og Shanghai har stoppestad her.

Kinas riksveg 312 går gjennom området. Han går frå Shanghai og passerer mellom andre Suzhou, Nanjing, Hefei, Xinyang, Xi'an, Lanzhou, Jiayuguan i Gansu og Urumqi, før han endar på grensa mot Kasakhstan.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Zhenjiang var eit viktig handelssenter både under Mingdynastiet og Qingdynastiet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]