Zhongshan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Zhongshans plassering (gul) i Guangdong
Sun Yat-sen-museet i Zhongshan

Zhongshan (kinesisk: 中山; pinyin: Zhōngshān) er eit byprefektur i dei midtre delane av provinsen Guangdong ved Kinas kyst mot Sørkinahavet. Prefekturet har eit areal 1 800 km² og 3 120 884 innbyggjarar (2010). Byprefekturet Zhongshan er ikkje delt opp i fylkesnivå, men består i staden av seks nabolagsdistrikt og 18 storkommunar.

Næring[endre | endre wikiteksten]

Primærnæringane spelar ei stor rolle i Zhangshen, med produksjon av ris, litchi, bananar og sukkerrøyr. Her er stor blomsterdyrking; byen Xiaolan er velkjend for sine krysantemumblomar. Ei rad industriar i byprefekturet er i sterk vekst.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Snøggbana Guangzhou–Zhuhai har stoppestad i byen Zhongshan.

Kinas riksveg 105 går gjennom prefekturet. Denne viktige trafikkåra tek til i Beijing, går sørover og endar ved kysten i Zhuhai sør for Zhongshan. Vegen er innom storbyar som Tianjin, Dezhou, Jining, Shangqiu, Jiujiang, Nanchang og Guangzhou.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Zhongshan heitte tidlegare Xiangshan (香山; Xiāngshān, = velduftande fjell). Xiangshan vart oppretta som eit fylke under Song-dynastiet, og omfatta då eit vesentleg større område enn i dag. Namnet vart endra i 1925 for å heidre Sun Zhongshan, historisk kjend som Sun Yat-sen, som her vart fødd i 1866 i landsbyen Cuiheng i storkommunen Nanlang. Fødestaden er i dage ein turistattraksjon, med eit eige 'Sun Yat-sen-museum' i minneparken Sunwen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]