Zhou Ji

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Zhou Ji (fødd 26. august 1946) er ein teknologisk vitskapsmann og utdanningsministeren i Folkerepublikken Kina.

Hovudfaget til Zhou er design ved hjelp av datamaskinar. Han har over 200 publikasjonar, og blei vald inn til det kinesiske ingeniørakademiet i 1999. Han studerte først presisjonsinstrument ved universitetet i Tsinghua, som han gjekk ut frå i 1970. Zhou tok deretter vidare utdanning ved universitetet for naturvitskap og teknologi i Huazhong, der han tok ein mastergrad i 1981 og tok ei doktorgrad ved universitetet i Buffalo i staten New York i 1984.

Zhou har vore leiar for fakultetet for mekanikk og seinare president ved Huazhong-universitetet. Han har òg vore borgarmeister for industribyen Wuhan, direktør ved departementet for naturvitskap og teknologi i Hubeiprovinsen, og leiar av komiteen for grunnleggjande utdanning innan mekanikk i Kina.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]