Zhoushan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Zhoushan si plassering i Zhejiang

Zhoushan (kinesisk 舟山, pinyin Zhōushān) er eit byprefektur i provinsen Zhejiang aust i Kina. Byprefekturet omfatter Zhoushanøyane utanfor nordaustkysten av provinsen. Det sentrale Zhoushan, før kjent som Dinghai, hadde 169 761 innbyggjarar ved folketeljinga i 2000, totalt budde ein million menneske i byprefekturet. Zhoushan er det minste byprefekturet i Zhejiang, både i areal og folketal. Byprefekturet delt i to bydistrikt og to fylke.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Zhoushan har lenge vore ein viktig handelsstad i Kinas sjøhandel. Under den fyrste opiumskrigen var øya Zhoushan okkupert av den britiske admiralen Charles Elliot. Ho vart overlevert kinesiske styresmaketer fyrst i 1846, etter Qing-regjeringa hadde betalt krigsskadeerstatning i pakt med Nanjingtraktaten.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 329 går gjennom området, frå Hangzhou via Shaoxing og Ningbo til Putuo på Zhoushanøyane.

Den lange hengebrua Xuhoumenbrua (riksveg 329) er i byprefekturet. Ho var Kinas lengste hengebru då ho vart opna for trafikk i 2008, og inngår i ei serie på fem bruer som med tida vil gje Zhoushanøyane fastlandssamband.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]