Zhuangzi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zhuangzi

Statsborgarskap Song
Fødd 369 f.Kr.
Shangqiu
Død

288 f.Kr.

Yrke filosof, skribent, lyrikar
Språk Gammelkinesisk
Zhuangzi på Commons
Zhuangzi

Zhuangzi (莊子) var ein berømt kinesisk filosof som levde i det fjerde hundreåret før vår tidsrekning. Han er mest kjend for boka Zhuangzi som tok namnet hans og er ein klassikar innanfor taoismen. Det er usikkert om han skreiv heile boka sjølv, ein reknar med at han står for dei fyrste sju kapitla og at «elevar» av han skreiv resten.

Tankar[endre | endre wikiteksten]

Filosofien hans er av ein skeptisk tradisjon ikkje ulik den vi kan finne igjen i Arne Næss sin filosofi mykje seinare. Zhuangzi forfektar at liva våre er begrensa medan kunnskapen er uavgrensa. Å freista å bruke det begrensa på å oppnå det uavgrensa er tåpeleg. Språket og kognisjonen vår forutseier ein tao kvar av oss er forplikta til gjennom våre adskilte fortider eller «stiane våre». Som ein konsekvens av dette bør vi vere klar over våre mest gjennomtenkte konklusjonar kan ha vore forskjellige hadde vi hatt ei anna fortid. Naturlege disposisjonar til oppførsel kombinert med dei som er tileigna inkludert det at ein knyter namn på ting, å godkjenne/avvise basert på desse namna og å handle i samsvar med dei ibuande standardane. Å tenkje på og å velje vårt neste steg i stien vår er betinga ved dette unike settet av naturlege tileigningar.

Anarkisme[endre | endre wikiteksten]

Zhuang zi var truleg ein av dei aller fyrste anarkistane, lenge før Proudhon og Hayek ifølgje Murray Rothbard. Han ville ikkje at folk skulle knyte seg til ei regjering. Han sa at verda «ikkje trenger styring; faktisk bør den ikkje styrast,» og «orden skjer spontant når ting let styra seg sjølve» Rothbard seier at Zhuangzi var den fyrste som teoretiserte rundt spontan orden.[1]

Fotnoter[endre | endre wikiteksten]

  1. Rothbard, Murray. Concepts of the Role of Intellectuals in Social Change Toward Laissez Faire, The Journal of Libertarian Studies, Vol IX No. 2 (Fall 1990)