Zhumadian

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plasseringa av Zhumadian-prefekturet i Henan

Zhumadian (kinesisk: 驻马店; pinyin: Zhùmǎdiàn) er eit byprefektur sør i provinsen Henan i det sentrale Kina. Byprefekturet, som i aust grensar til provinsen Anhui, har eit areal på 14 974 km² og hadde vel 7,2 millionar ibuarar i 2010. Litt over 500 000 menneske er bybuarar. Landskapet er prega av fjell, åsar og sletter.

Byprefekturet Zhumadian omfattar eitt bydistrikt (区 ), og ni fylke (县 xiàn).

Landbruk[endre | endre wikiteksten]

Det lokale landbruket avlar særleg kveite, mais, peanøtter, sesamfrø, grøne bønner og tobakk.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Jingguangbana, toglinja mellom Beijing i nord og Guangzhou i sør, har stoppestad her. Denne sterkt trafikkerte jarnbanelinja er også innom mellom andre Baoding, Shijiazhuang, Handan, Anyang, Zhengzhou, Wuhan, Changsha og Shaoguan.

Kinas riksveg 107 går gjennom området. Han fører frå Beijing til Shenzhen og er innom provinshovudstadene Shijiazhuang, Zhengzhou, Wuhan, Changsha og Guangzhou.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Banqiao-dammen, som i 1975 kollapsa under den ekstreme tyfonen Nina og førte til at om lag 171 000 menneske omkom, ligg i Zhumadian.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]