Ziggy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ziggy er ein enkeltruta teikneserie påfunnen og først teikna av teikneserieteiknaren Tom Wilson, ein tilsett ved kortprodusenten American Greetings.

Hovudfiguren Ziggy er ein liten, breid, skalla og bukselaus teikneseriefigur som er nærmast kjemisk reinsa for fysiske trekk og som ser ut til å vera utan jobb, hobbyar eller nokon slags menneskeleg partnar i livet. Han har derimot eit menasjeri av kjæledyr: Den litle, kvite hunden Fuzz, katta Sid som er redd for mus, den uentusiastiske papegøya Josh, fisken Goldie og anda Wack. Den intense søtskapen i utsjånaden til alle rollefigurane står i krass motsetnad til den uendelege straumen av ulukker som rammar Ziggy. Det er kanskje denne kombinasjonen av ironisk søtskap og kjennspak elende som gjer serien så populær trass mangelen på direksjonell handling.

Ziggy dukka først opp i samlealbumet When You’re Not Around som vart utgjeve av American Greetings i 1968. Avisstripa byrja i juni 1971. I 1987 tok Tom Wilson II, sonen åt den første teiknaren, over som teiknar.

Julespesialen Ziggy’s Gift i 1982, som inneheldt Harry Nilsson-songen «Give, Love, Joy», fekk ein Emmy.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]