Ziggy Stardust - The Motion Picture
| Ziggy Stardust: The Motion Picture Filmmusikk av David Bowie |
||
| Utgjeve | Oktober 1983 | |
| Innspelt | Hammersmith Odeon, London, 3. juli 1973 | |
| Sjanger | Glamrock, hardrock, kunstrock | |
| Lengd | 69:31 83:33 (2003-utgåve) |
|
| Selskap | RCA Records Rykodisc (1992-utgåve) EMI/Virgin (2003-utgåve) |
|
| Produsent | David Bowie, Mike Moran, Tony Visconti (2003-utgåve) | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
| David Bowie-kronologi | ||
| Let's Dance (1983) |
Ziggy Stardust: The Motion Picture | Tonight (1984) |
Ziggy Stardust: The Motion Picture er eit konsertalbum av David Bowie frå filmen med same namn. Musikken vart spelt inn i Hammersmith Odeon i London den 3. juli 1973, men albumet vart ikkje gjeven ut av RCA Records før 1983. Før dette hadde albumet eksistert som piratopptaket His Masters Voice – Bowie and the Spiders From Mars' Last Stand.[3]
Albumet dokumenterer den siste konserten Bowie spelt som Ziggy Stardust-rolla. Like før den siste songen annonserer han «ikkje berre er dette den siste konserten på turneen, men det er den siste konserten me gjer nokon gong. Tusen takk». Mange i publikum trudde det var Bowie sjølv som gav seg.[4]
Innhaldsliste |
Produksjon og utgjeving [endre]
D. A. Pennebaker filma konserten og RCA spelte han inn for å gje det ut som eit konsertalbum. Prosjektet vart derimot lagt på hylla av forskjellige årsaker. Mellom anna gjekk det rykte om at Bowie sjølv ønskte å forlate Ziggy, og at kvaliteten på opptaka var dårleg.[5] Dei tenkte seg at RCA truleg ville gje ut materialet før eller seinare, så Bowie og produsent Tony Visconti miksa innspelingane i 1981. Denne miksen har fått mykje kritikk, sjølv om Visconti kalla det «meir ein redningsjobb enn eit kunstnarverk».[6]
Albumet kom til slutt ut i oktober 1983 som ein dobbel-LP. På grunn av plassmangel på LP-formatet, vart fleire songar tekne bort, forkorta eller skyfla om på. «White Light/White Heat» vart gjeven ut på singel i november.
Nyutgjevingar [endre]
Ziggy Stardust: The Motion Picture har vorte gjeven ut på CD to gonger. Den første var 7. august 1983 av Rykodisc og den andre i april 2003 av EMI/Virgin som 30th Anniversary 2CD Set, med ekstra songar, introduksjonar, sceneprat og den komplette versjonen av «The Width of a Circle». «Changes» vart òg sett inn på rett plass i høve til slik konserten vart spelt etterfølgd av «Moonage Daydream».
I 2003 vart musikken gjeven ut med ein Visconti-miks, som vart rekna som ei stor betring i høve til originalen.[7] Nesten heile konserten vart gjenoppretta utanom om ekstranummera «The Jean Genie/Love Me Do» og «Round and Round» i lag med Jeff Beck. At framføringa til Beck ikkje er med er sagt å vere av honorar-årsaker eller til kjensla til gitaristen. I følgje Tony Visconti passa han ikkje inn i filmen.[7]
Innhald [endre]
Alle songar er skrivne av David Bowie.
| # | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
|---|---|---|---|
| 1. | «Hang on to Yourself» | 2:55 | |
| 2. | «Ziggy Stardust» | 3:09 | |
| 3. | «Watch That Man» | 4:10 | |
| 4. | «Wild Eyed Boy From Freecloud» | 3:17 | |
| 5. | «All the Young Dudes/Oh! You Pretty Things» | 3:18 | |
| 6. | «Moonage Daydream» | 6:17 | |
| 7. | «Space Oddity» | 4:49 | |
| 8. | «My Death» | Jacques Brel, Mort Shuman | 5:45 |
| 9. | «Cracked Actor» | 2:52 | |
| 10. | «Time» | 5:12 | |
| 11. | «Width of a Circle» | 9:35 | |
| 12. | «Changes» | 3:35 | |
| 13. | «Let's Spend the Night Together» | Mick Jagger, Keith Richards | 3:09 |
| 14. | «Suffragette City» | 3:02 | |
| 15. | «White Light/White Heat» | Lou Reed | 4:06 |
| 16. | «Rock 'n' Roll Suicide» | 4:20 |
30th Anniversary 2CD Set (2003) [endre]
| Disk ein | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd | ||||||
| 1. | «Intro (med Beethovens niande symfoni arrangert og spelt av Wendy Carlos)» | Ludwig van Beethoven | 1:05 | ||||||
| 2. | «Hang on to Yourself» | 2:55 | |||||||
| 3. | «Ziggy Stardust» | 3:19 | |||||||
| 4. | «Watch That Man» | 4:14 | |||||||
| 5. | «Wild Eyed Boy From Freecloud» | 3:15 | |||||||
| 6. | «All the Young Dudes» | 1:38 | |||||||
| 7. | «Oh! You Pretty Things» | 1:46 | |||||||
| 8. | «Moonage Daydream» | 6:25 | |||||||
| 9. | «Changes» | 3:36 | |||||||
| 10. | «Space Oddity» | 5:05 | |||||||
| 11. | «My Death» | Brel, Shuman | 7:20 | ||||||
| Disk to | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd | ||||||
| 1. | «Intro (med Vilhelm Tell-overturen)» | Gioacchino Rossini | 1:01 | ||||||
| 2. | «Cracked Actor» | 3:03 | |||||||
| 3. | «Time» | 5:31 | |||||||
| 4. | «The Width of a Circle» | 15:45 | |||||||
| 5. | «Let's Spend the Night Together» | Jagger, Richards | 3:02 | ||||||
| 6. | «Suffragette City» | 4:32 | |||||||
| 7. | «White Light/White Heat» | Reed | 4:01 | ||||||
| 8. | «Farewell Speech» | 0:39 | |||||||
| 9. | «Rock 'n' Roll Suicide» | 5:17 | |||||||
Medverkande [endre]
- David Bowie – gitar, vokal, saksofon, munnspel
- Mick Ronson – sologitar, bass, vokal
- Trevor Bolder – bass
- Mick Woodmansey – trommer
- Mike Garson – piano, Mellotron, orgel
- Ken Fordham – alt-, tenor- og barytonsaksofon
- John Hutchinson – rytmegitar, korvokal
- Brian Wilshaw – tenorsaksofon, fløyte
- Geoffrey MacCormack – korvokal, perkusjon
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Ziggy Stardust - The Motion Picture» frå Wikipedia på engelsk, den 21. september 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ http://www.allmusic.com/album/r2481
- ↑ http://www.allmusic.com/album/r627613
- ↑ Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.116
- ↑ David Buckley (1999). Strange Fascination – David Bowie: The Definitive Story: s.191
- ↑ Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Op Cit: s.65
- ↑ "FAQ: David Bowie" at TonyVisconti.com
- ↑ 7,0 7,1 Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: p.320