Zilda Arns

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Zilda Arns.

Zilda Arns Neumann (fødd 25. august 1934 i Forquilhinha i Brasil, død 12. januar 2010 i Port-au-Prince i Haiti) var ein brasiliansk barnelækjar og helsearbeidar.

Zilda Arns var eit av tolv barn av foreldre frå Tyskland. Ho var syster av den seinare erkebiskopen og kardinalen Paulo Evaristo Arns.

Ho blei barnelækjar og grunnla i 1982 på oppdrag av den brasilianske katolske bispekonferansen (CNBB) organisasjonen Pastoral da Criança, eit tiltak mot den høge spedbarnsmortaliteten i Brasil.

Ho omkom i eit jordskjelv i Haiti i januar 2010 då ho var med i ein delegasjon frå Pastoral som besøkte landet med tanke på auka støtte til arbeid for gateborn.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Zilda Arns