Zillertalalpane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Zillertal-Alpane)
Gå til: navigering, søk
Zillertal-Alpane
Zillertal-Alpane - Hochfeiler, høgste fjellet i Zillertalalpane, sett frå nord
Hochfeiler, høgste fjellet i Zillertalalpane, sett frå nord
Høgd over havet Hochfeiler - 3 510 moh
Ligg i/på Italia
Fjellkjede Dei sentrale Alpane
Koordinatar 47°00′N 11°55′EKoordinatar: 47°00′N 11°55′E
Kart over plasseringa i Dei sentrale Alpane

Zillertal-Alpane (italiensk Alpi Aurine, tysk Zillertaler Alpen) er ei fjellkjede i Dei sentrale Alpane på grensa mellom Italia og Austerrike. Ho vert rekna som ein del av Dei sentrale Alpane. Fjellkjeda har fått namn etter Zillertal som elva Ziller renn gjennom.

Fjellkjeda grensar til Tuxerjochpasset i nord med Tuxeralpane på andre sida. Birnlücke-Forcella del Picco-passet ligg i aust med Hohe Tauern på andre sida. I sør ligg elva Isarco og sideelva hennar Rienz-Rienza med Dei sørlege kalksteinsalpane på andre sida og Brennerpasset ligg i vest med Stubaieralpane på andre sida.

Fjelltoppar[endre | endre wikiteksten]

Dei største fjelltoppane i fjellkjeda er:

Fjelltopp Høgd (moh)
Hochfeiler 3510
Großer Möseler 3486
Olperer 3480
Turnerkamp 3422
Groß Löffler 3382
Fußstein 3380
Schwarzenstein 3370
Reichenspitze 3305
Großer Mörchner 3287
Zsigmondyspitze 3085

Fjellovergangar[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste fjellovergangane i Zillertal-Alpane er:

Fjellovergang Stad Type Høgd (moh)
Mitterbachjoch Zemmtal til Sand in Taufers-Campo Tures snø 3130
Trippachsattel Floitendalen til Sand in Taufers snø 3054
Alpeinerscharte Zemmtal til Wipptal sti 2960
Keilbachjoch Mayrhofen til Ahrntal-Valle Aurina sti 2868
Heiliggeistjöchl Mayrhofen til Ahrntal sti 2658
Krimmlertauern Krimml til Ahrntal sti 2634
Horndljöchl Mayrhofen til Ahrntal sti 2555
Lappacherjoch Lappach-Lappago til Ahrntal sti 2366
Tuxerjoch Tuxertal til Wipptal sti 2346
Pfitscherjoch Zemmtal til Sterzing-Vipiteno sti 2248

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]