Zinaida Greceanîi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Zinaida Greceanîi (fødd 7. februar 1956) er ein moldovisk politikar og var statsminister i Moldova frå 31. mars 2008 til 14. september 2009. Ho er den første kvinnelege statsministeren i landet. Ho er medlem i Partidul Comuniştilor din Republica Moldova, (Republikken Moldovas kommunistparti).

Greceanîi vart fødd i Tomsk oblast i Sibir i Den russiske føderasjonen i det dåverande Sovjetunionen. Foreldra hennar hadde vorte deportert dit i Stalin-tida. På slutten av 1960-talet fekk familien venda tilbake til Moldova. Ho studerte økonomi ved universitetet i Chisinau. Frå 1974 til 1994 jobba ho med finansspørsmål i lokaladministrasjonen i Briceni-regionen i Moldova.

Ho var visefinansminister frå 2000 til 2001 og første visefinansminister frå 2001 til 2002. President Vladimir Voronin utpeika ho til finansminister i februar 2002. 10. oktober 2005 vart ho første visestatsminister.

Etter at statsminister Vasile Tarlev gjekk av 19. mars 2008 utpeika president Voronin Greceanîi som statsminister. Regjeringa hennar vart godkjend av parlamentet med 56 av 101 røyster 31. mars. Greceanîi sa at regjeringa hennar ville ha hovudfokus på "frie media, ein aktiv dialog med det sivile samfunnet og uavhengige domstolar."

Greceanîi er gift og har to born.

Denne artikkelen starta med ei omsetjing frå engelsk og tysk tysk wikipedia 13. oktober 2008.