Zinalrothorn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 46°3′53″N 7°41′24″E
Zinalrothorn
fjell
none  Zinalrothorn frå nordvest
Zinalrothorn frå nordvest
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Kanton Valais
Fjellkjede Wallis-Alpane
høgd 4 221 moh
skardhøgd 490 m ↓  mot Weisshorn
koordinatar 46°3′53″N 7°41′24″E
Lettast tilkomst Søraustryggen og Gabel-kløfta, AD-
Førstestiging av Leslie Stephen, Florence Crauford Grove, Jakob Anderegg, Melchior Anderegg
 - dato 22. august 1864
Plasseringa i Sveits
Locator Red.svg
Plasseringa i Sveits

Zinalrothorn er eit 4 221 m høgt fjell i Wallis-Alpane i Sveits, i kantonen Valais. Landsbyen Zinal ligg i dalen på nordsida av fjellet. Rothorn er tysk for raudhorn. Midt på 1800-talet kalla bygdefolket fjellet for Moming.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Zinalrothorn opp for Mominggletscher, mellom Schalihorn (venstre) og Besso (høgre)

Zinalrothorn er ein av dei høge fjelltoppane som skil dalen Mattertal i aust frå Val d'Anniviers (meir presist Val de Zinal) i vest. Toppen av Weisshorn (4 505 m) ligg 5 km lenger nord og Dent Blanche 7 km i vestleg retning. Ved foten av fjellet i vest ligg den store Zinalbreen og på nordsida Momingbreen. L'Epaule (skuldra) er ein mindre topp som ligg opp for foten av nordegga.

Landsbyane Täsch og Zermatt ligg nærast fjellet, Zinal i nordvest ligg litt lenger unna (9 km).

Klatresoge[endre | endre wikiteksten]

Fyrste oppstiginga til toppen fann stad 22. august 1864 og gjekk via nordegga. Britane Leslie Stephen og Florence Grove gjekk då i fylgje med fjellførarane Jakob Anderegg og Melchior Anderegg. Dei la ut frå Zinal i 1-tida om natta og steig opp Zinalgletscher. Dei nådde fjellaksla mellom egga og grannetoppen Blanc de Moming ved foten av nordegga kring klokka 9 på føremiddagen. Traverseringa av toppegga tok to timar. Stephen skreiv seinare at det var den fælaste klatringa han nokon gong hadde gjeve seg ut på.

Den litt lettare normalruta, søraustegga, vart fyrst klatra av Clinton Thomas Dent, Alexander Burgener, George Passingham, Ferdinand Imseng og Franz Andenmatten den 5. september 1872.

Fyrste skibestiginga vart føreteken av Marcel Kurz og T. Theytaz den 7. februar 1914.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]