Zinedine Zidane
| Personleg informasjon | ||
|---|---|---|
| Fødselsdato | 23. juni 1972 | |
| Fødestad | Marseille i Frankrike | |
| Kallenamn | Zizou, ZZ, Yaz | |
| Posisjon | Midtbane | |
| Klubbar* | ||
| År | Klubb | Kampar (mål) |
| 1988-1992 1992-1996 1996-2001 2001-2006 |
AS Cannes Bordeaux Juventus Real Madrid |
61 (6) 139 (28) 191 (28) 155 (34) |
| Landslag | ||
| 1994-2006 | 108 (31) | |
|
* Klubbkampar og mål i nasjonal liga . |
||
Zinédine Yazid Zidane (fødd 23. juni 1972 i Marseille) er ein tidlegare fransk fotballspelar. Han spelte for den spanske klubben Real Madrid og det franske landslaget og vart rekna som ein av dei beste på begge laga, og i verda generelt. Han har i fleire år fått tittelen årets spelar, og vert av mange sett på som ein av de beste spelarane gjennom tidene. Han var med på å sikre Frankrike gull både i VM 1998 og EM 2000.
Zinedine Zidane var den første som brukte «zidane-finta», og vert rekna som skaparen av henne.
Med Real Madrid har han vunne Champions League i sesongen 2001/2002 og det spanske meisterskapet i 2002/2003.
Han har tidlegare spelt for den italienske klubben Juventus der han var med på vinne Serie A i 1996/1997. Før han kom til Juventus, spelte han for dei franske klubbene AS Cannes og Bordeaux.
Tre gonger har han vorte kåra til den beste fotballspelaren i verda (1998, 2000 og 2003). Han har fått utmerkinga som den nest beste spelaren nokon sinne i Europa (etter Johan Cruyff).
Zidane er muslim med algeriske røter. I tillegg til å utmerke seg som fotballspelar, har Zidane òg vist sterkt sosialt engasjement. Ein gang i året spelar han ein kamp der dei beste spelarane i verda deltar og inntektene går til fattige barn i Afrika.
Zidane fortalte 17. januar 2006 at han hadde bestemt seg for å legge opp etter fotball-VM i Tyskland, eitt år før kontrakten hans går ut.
Fotball-VM i 2006 [endre]
Zidane scora 3-1-målet for Frankrike mot Spania på overtid i åttandedelsfinalen i VM 2006 i Tyskland.
Frankrike kom til finalen mot Italia. Dette var ein særs jamn kamp som vart avgjort med straffespark. I andre ekstraomgang vart Zinedine Zidane utvist for å ha skalla ned motstandaren Marco Materazzi. Årsaka til skallinga skal ha vore at Materazzi snakka stygt om familien til Zidane fleire gonger. Dette er vorte stadfesta av begge under intervju[1]. Tass i dette kåra FIFA han til den beste spelaren i VM 2006.
Zidane fekk tre kampar karantene og 40 000 kr i bot. Sidan Zidane hadde lagt opp, foreslo franskmannen å gjere tre dagars arbeid for FIFA sine aktivitetar for barn og unge.[2]
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Zinedine Zidane» frå Wikipedia på bokmål, den 3. oktober 2009.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Vg.no - Dette sa Materazzi til Zidane 18.08.07
- ↑ Bertil Valderhaug (10. juli 2006). Ut i skam. Stavanger Aftenblad. Vitja 16. juli 2006.
|
|
||
|---|---|---|
| 1 Lama • 2 Angloma • 3 Di Meco • 4 Leboeuf • 5 Blanc • 6 Guérin • 7 Deschamps • 8 Desailly • 9 Djorkaeff • 10 Zidane • 11 Loko • 12 Lizarazu • 13 Dugarry • 14 Lamouchi • 15 Thuram • 16 Barthez • 17 Madar • 18 Pedros • 19 Karembeu • 20 Roche • 21 Martins • 22 Martini • Trenar: Jacquet |
||
|
|
||
|---|---|---|
| 1 Lama • 2 Candela • 3 Lizarazu • 4 Vieira • 5 Blanc • 6 Djorkaeff • 7 Deschamps • 8 Desailly • 9 Guivarc'h • 10 Zidane • 11 Pirès • 12 Henry • 13 Diomède • 14 Boghossian • 15 Thuram • 16 Barthez • 17 Petit • 18 Leboeuf • 19 Karembeu • 20 Trezeguet • 21 Dugarry • 22 Charbonnier • Trenar: Jacquet |
||
|
|
||
|---|---|---|
| 1 Lama • 2 Candela • 3 Lizarazu • 4 Vieira • 5 Blanc • 6 Djorkaeff • 7 Deschamps • 8 Desailly • 9 Anelka • 10 Zidane • 11 Pirès • 12 Henry • 13 Wiltord • 14 Micoud • 15 Thuram • 16 Barthez • 17 Petit • 18 Leboeuf • 19 Karembeu • 20 Trezeguet • 21 Dugarry • 22 Ramé • Trenar: Lemerre |
||
|
|
||
|---|---|---|
| 1 Ramé • 2 Candela • 3 Lizarazu • 4 Vieira • 5 Christanval • 6 Djorkaeff • 7 Makélélé • 8 Desailly • 9 Cissé • 10 Zidane • 11 Wiltord • 12 Henry • 13 Silvestre • 14 Boghossian • 15 Thuram • 16 Barthez • 17 Petit • 18 Leboeuf • 19 Sagnol • 20 Trezeguet • 21 Dugarry • 22 Micoud • 23 Coupet • Trenar: Lemerre |
||
|
|
||
|---|---|---|
| 1 Landreau • 2 Boumsong • 3 Lizarazu • 4 Vieira • 5 Gallas • 6 Makélélé • 7 Pirès • 8 Desailly • 9 Saha • 10 Zidane • 11 Wiltord • 12 Henry • 13 Silvestre • 14 Rothen • 15 Thuram • 16 Barthez • 17 Dacourt • 18 Pedretti • 19 Sagnol • 20 Trezeguet • 21 Marlet • 22 Govou • 23 Coupet • Trenar: Santini |
||
|
|
||
|---|---|---|
| 1 Landreau • 2 Boumsong • 3 Abidal • 4 Vieira • 5 Gallas • 6 Makélélé • 7 Malouda • 8 Dhorasoo • 9 Govou • 10 Zidane • 11 Wiltord • 12 Henry • 13 Silvestre • 14 Saha • 15 Thuram • 16 Barthez • 17 Givet • 18 Diarra • 19 Sagnol • 20 Trezeguet • 21 Chimbonda • 22 Ribéry • 23 Coupet • Trenar: Domenech |
||