Zirkon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Zirkon
Zircão.jpeg
Zirkonkrystall frå Tocantins i Brasil (ukjend skala)
Generelt
Kategori Mineral
Kjemisk formel Zirkoniumsilikat ZrSiO4
Identifikasjon
Farge brun, raud, gul, grøn, svart og fargelaus
Krystallform topyramidal prismeform
Krystallsystem Tetragonal; 4/m 2/m 2/m
Kløyv utydeleg, to retningar
Brot Undermusleg til ujamn/skjør
Mohs hardleiksskala 7,5
Glans Diamanthard
Strekfarge Kvit
Spesifikk vekt 4,6–4,7
Optiske eigenskapar
Brytingsindeks nω=1,967–2,015
nε=1,920–1,960
Smeltbarheit Usmelteleg
Oppløyselegheit Uoppløyseleg
Andre eigenskapar Fluoriserande og radioaktiv

Zirkon (også hyasint eller gul zirkon) er eit mineral som høyrer til gruppa nesosilikatar. Det kjemiske namnet er zirkoniumsilikat og den kjemiske formelen er ZrSiO4. Hafnium er nesten alltid til stades i mengder frå 1 til 4%. Krystallstrukturen til zirkon er eit tetragonal krystallsystem. Den naturlege fargen til zirkon varierer mellom fargelaus, gul-gyllen, raud, brun og grøn. Dei fargelause artane har kvalitetar som edelsteinar og er populære erstatningar for diamantar. Desse vert òg kalla «Maturadiamant». Mineralet må ikkje forvekslast med kubisk zirkonia, eit syntetisk stoff med ei heilt anna kjemisk samansetjing.

Namnet kjem anten frå det arabiske ordet zarqun, som tyder sinober, eller frå det persiske zargun, som tyder gyllen-farga.

Zirkon er eit usedvanleg mineral og finst nesten alle stader i jordskorpa og i alle slags bergartar, men store krystallar er sjeldne. På grunn av dette er zirkon er det viktigaste mineralet for datering av bergartar. Zirkon inneheld alltid noko uran eller thorium, som er radioaktivt og vert brote ned over tid til bly. Alderen kan derfor reknast ut ved å undersøke forholdet mellom bly og uran.

Zirkon er det eldste mineralet ein kjenner til, 4406±8 millionar år gammalt.[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Zirkon

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Andre kjelder[endre | endre wikiteksten]