Zjeleznogorsk i Krasnojarsk kraj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Zjeleznogorsk
Железногорск
Plassering
Zjeleznogorsk i Krasnojarsk kraj is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Krasnojarsk kraj
Grunnlagd
Bystatus
1951
1954
Borgarmeister Gennadi Bakhovtsev
Geografi
Flatevidd
 - By

112 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

93 680
  836,4 /km²
Koordinatar 56°15′00″N 93°32′00″EKoordinatar: 56°15′00″N 93°32′00″E
Høgd over havet 150 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 662970–662980
Retningsnummer (tlf) (+7)39197
Nettstad: www.admk26.ru

Zjeleznogorsk (russisk Железного́рск) er ein lukka by i Krasnojarsk kraj i Russland med om lag 95 000 innbyggjarar. Han har ein velutvikla kjernefysisk industri. Han var tidlegare kjent som Krasnojarsk-26.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1950 oppretta styresmaktene i Sovjetunionen den lukka byen Krasnojarsk -26 for produksjon av plutonium til våpenbruk.[1] Historia til byen og det tilhøyrande forsvarskomplekset er samanvevd. Forsvarsindustrien omfatta kjernefysiske anlegg bygt inne i holer som vart grave ut av granittfjellet på nordsida av byen, så vel som romforskningsføretak.[2]

Byen var ein hemmeleg by i Sovjetunionen heilt til president Boris Jeltsin i 1992 erklærte at slike byar kunne bruke sine historiske namn. Fram til då fanst ikkje byen på offisielle kart. Som tradisjonen var med sovjetiske byar som inneheldt hemmelege anlegg (til dømes Oziorsk kjent som Tsjeljabinsk-40, Seversk kjent som Tomsk-7, Sarov kjent som Arzamas-16), så var Krasnojarsk-26 faktisk berre eit postboksnummer og impliserte at staden låg i ein viss avstand frå byen Krasnojarsk. Byen var òg kjent som Socbyen, Jernbyen, Ni[f 1] og Atombyen.[2]

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

I Zjeleznogorsk ligg Krasnojarsk gruve- og kjemikombinat, eit kombinat som spelte ei viktig rolle i dei tidlegaste russiske prosjekta for framstilling av kjernefysiske våpen.

I Zjeleznogorsk føregår òg produksjon av plutonium, elektrisitet og varme for distriktet ved bruk av grafitt-modererte vasskjølte reaktorar (for tida er berre ein i drift). Det finst òg eit militært gjenvinningsanlegg og eit kommersielt russisk lagringsanlegg for radioaktivt avfall i byen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sibirs kjemiske byggeselskap låg i Zjeleznogorsk men hadde ein annan postkode, Krasnojarsk - 9.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Informasjon om Krasnojarsk gruve- og kjemikombinat—det primære industriselskapet i Zjeleznogorsk (russisk)
  2. 2,0 2,1 Atom Town, redigert av Vladimir Medvedev, "Bear" Company, Zjeleznogorsk