Zlatoust

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zlatoust
Златоуст
Zlatoust rundt 1910, fotografert av Prokudin-Gorskij.
Zlatoust rundt 1910, fotografert av Prokudin-Gorskij.
Zlatoust rundt 1910, fotografert av Prokudin-Gorskij.
Flagget til Zlatoust Byåpenet til Zlatoust
Flagget til Zlatoust Byvåpenet til Zlatoust


Plassering
Zlatoust is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Tsjeljabinsk oblast
Grunnlagd 1754
Borgarmeister Dmitri Migasjkin
Geografi
Flatevidd
 - By

118 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

189 400
  1 605,1 /km²
Koordinatar 55°10′0″N 59°40′0″EKoordinatar: 55°10′0″N 59°40′0″E
Høgd over havet 440 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
YEKT(UTC+5)
YEKST (UTC+6)
Diverse annan informasjon
Postnummer 4562xx
Retningsnummer (tlf) (+7)3513
Nettstad: www.zlatoust.ru

Zlatoust (kyrillisk skrift Златоу́ст) er ein by i Tsjeljabinsk oblast i Russland. Han ligg ved elva Aj (i nedslagsfeltet til Kama) 160 km vest for Tsjeljabinsk. Namnet kjem av den russiske omsetjinga av Chrysostomos, då byen vart grunnlagt nær ei kyrkje tileigna denne helgenen. Han har om lag 190 000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Busetnaden Zlatoust vart grunnlagt i 1754 på grunn av bygginga av jernverket her. I 1774–1776 deltok arbeidarane ved fabrikken i eit opprør som vart leia av Jemeljan Pugatsjov. Tidleg på 1800-talet laga Pavel Anosov dei første russiske klingene av bulatstål i Zlatoust. Byen er òg kjent for dei første kanonane laga av russisk stål. I 1903 slo styresmaktene til tsaren brutalt ned ein streik organisert av arbeidarane i Zlatoust.

På byrjinga av 1800-talet vart ein våpenfabrikk bygt i byen, for produksjon av sablar og sverd. Dei kjende kunstnarane Ivan Busjujev og Ivan Bojarsjinov laga unike mønster av kaldstål dekorert med graveringar. Fykande hestar med vengjer var eit favorittelement i mange av graveringane til Busjujev, så han fekk tilnamnet Ivan med vengjene (Ivanko Krylatko). Sidan den gong har ein slik hest vore på byvåpenet.

Sovjetunionen fekk kontrol over Zlatoust i mars 1918. Byen var okkupert av dei kvite mellom juni 1918 og juli 1919. 13. juli 1919 vart Zlatoust erobra av Den raude armeen.

Under sovjetperioden vart Zlatoust ein industriby, spesialisert innan metallurgi, maskinbygging, verktøyproduksjon, matproduksjon, og andre industriar. Zlatoust er eit av sentera for kunstnerisk gravering på metall i Russland. Tradisjonelt vart slike graveringer gjort på våpen, slik som knivar og sverd, men under sovjetperioden vart graveringane utført på dekorative metallplater. Nå er derimot våpengravering vorten populær att.

Tradisjonelt har Zlatoust, som resten i Uralregionen, òg vore kjend for matretten pelmeni.

Kjende folk frå Zlatoust[endre | endre wikiteksten]

Verdsmeisteren i sjakk Anatolij Karpov vart fødd i Zlatoust.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]