Zoetermeer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Zoetermeer
Zoetermeer 20050928 40361.JPG
Flagget til Zoetermeer Byvåpenet til Zoetermeer
Flagget til Zoetermeer Byvåpenet til Zoetermeer


Plassering
Plassering av  Zoetermeer
Styresmakter
Land
Provinsar
Flag of the Netherlands.svg Nederland
Zuid-Holland
Borgarmeister Jan Waaijer
Geografi
Flatevidd
 - By
   - Land
   - Vatn

37,06 km²
  34,91 km²
  2,15 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

119 191
  3 414/km²
Koordinatar 52°3′″N 4°30′″EKoordinatar: 52°3′″N 4°30′″E
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.zoetermeer.nl


Zoetermeer er ein kommune og by vest i Nederland i provinsen Zuid-Holland. Han har opp mot 120 000 innbyggjarar og er den tredje største byen i provinsen etter Rotterdam og Haag.

Namnet Zoetermeer refererer til den tidlegare innsjøen som låg her.

Historie[endre | endre wikiteksten]

900-talet var Zoetermeer ein liten landsby som hovudsakleg var busett av bønder og fiskarar. Ein gong på 1200-talet vart landsbysenteret danna og det eksisterer framleis som Dorpsstraat. Fram til 1600-talet låg det ein innsjø ved landsbyen kalla Zoetermeer. I dag er berre delar av denne att som Noord Aa i nordenden av byen. Denne kunstige innsjøen vart danna av store mengder sand ein trengde for byggmaterial til nye hus og området nord for Zoetermeer var ei god kjelde.

Fram til 1935 var landsbysenteret ein kjenner i dag delt i to landsbyar, Zoetermeer og Zegwaard.

Det gamle bysentrumet

Zoetermeer byrja å vekse då det første toget kom til byen rundt 1868. Eit par tiår seinare oppretta Numico ein fabrikk nær stasjonen. Byen byrja først å vekse for fullt i 1966 då det vart stor trong for heimar til folk rundt Haag. Frå den tid oppstod det nye bydelar rundt det gamle landsbysenteret og Zoetermeer utvikla seg til ein by.

Sjølv om Zoetermeer i dag liknar ein moderne by, er det framleis spor etter fortida. Det gamle landsbysenteret har framleis små hus og ei kyrkje frå seint på 1400-talet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Zoetermeer

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]