Zonker Harris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Zonker Harris er ein fast figur i teikneserien Doonesbury av Gary Trudeau. Zonker har med tida vakse fram som symbol på hippie-rørsla og babyboom-generasjonen. Musikalen Doonesbury gjev han det fulle namnet Edward Zonker Harris.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Zonker dukka første gongen opp hausten 1971 som ubrukeleg spelar på rugby-laget til B.D. Han skipla ofte kampane, sette dei andre spelarane ut på lange og retningslause filosofiske diskusjonar, og røyka hasj på trening. Han vart av ymse grunnar aldri kasta frå laget. I denne tidlege fasen synte han og stor evne til å snakke med plantar, og førte lange debattar med urtehagen sin. Dette draget ved han vart dempa seinare, og ei sein stripe let ein plante (karakteristisk nok) minne han på at dette nok skuldast dop.

I tida gjengen budde i lag i Walden Commune, hadde Zonker det med å plaske rundt i ein pytt han døypte Walden Puddle, som referanse til den eksisterande Walden Pond. Etter at Zonker kom attende til Walden i lag med Boopsie og B.D. har han og kome attende til den kjære pytten sin.

Kjærleikslivet til Zonker er fråverande, og han lever som om emnet ikkje finst. Forklåringa skal vera at han vart såra av ei jente då han var ti. Han har hatt ein runde der han hadde faste møte med ei jente, og avtala var "anti-dating". Politisk er han heilt ubrukeleg, noko som synte seg då han meinte USA hadde greidd seg bra etter fire år med Walter Mondale som president (Ronald Reagan hadde sete i fire år på den tida). På eit tidspunkt vann han ein stor pengesum i lotteri og vart millionær, men skusla bort det meste av formuen då han ville redde Uncle Duke frå fangenskap som zombie i Haiti. Han har monaleg lite greie på pengar. Det kjem og fram at Zonker ikkje støtt leverer tilbake det han har lånt, til stor ergring for folk i grannelaget. Han er såpass godtruande at han ikkje ser negative signal før det er altfor seint.

Zonker har så godt som aldri hatt fast arbeid over lengre tid. Han har prøvd seg på ei rekkje felt, men støtt hoppa av når han vart lei. Dei lengste arbeida han har hatt, har vore som barnevakt, først for Alex, dotter av Mike Doonesbury, seinare for Samantha, dotter av B.D. Han har vore fast i det huset i fleire år, mykje av det at han har nokre persondrag sams med Boopsie. Elles har Zonker vore avisbod og postmann, med trong til å lesa breva adressaten fekk før han leverte dei. I seinare tid har han arbeidd som servitør på ein hamburgarsjapp.

Zonker vart tidleg oppteken av profesjonell solbading, og vann nokre meisterskap i korrekt brunfarge på 70-talet. Seinare vart han medveten om faren ved for mykje UV-strålar og stødde ein kampanje mot hudkreft. På denne tida skaffa han seg og ein adelstittel, Hans høgvørd visegreven av St. Austell-in-the-moor-biggleswade-brixham. Denne tittelen skaffa han plass i det britiske overhuset, der han sytte for å få stemt ned eit lovframlegg frå Margaret Thatcher. Han budde ei tid hjå ein annan engelsk lord til denne kasta han på dør. Han har i skrivande stund nytta tittelen for å få invitasjon til bryllaupet mellom prins William og Kate Middleton.

Zonker er den av figurane i serien som har «brote den fjerde veggen» flest gonger, med Mark Slackmeyer på andreplass.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Zonker har og ein forfar frå den amerikanske frigjeringskrigen, Nathan Harris, som kjempa for menneskerettar og sette ein slave fri (slaven trudde han var i Virginia, men budde i Massachusets, der slaveri var forbode). Amy, kona hans, kjempa for kvinnerettar, og ønskte lik løn for likt arbeid. Difor gjekk ho i sølvsmedlære, noko som ikkje kasta stort av seg.

Foreldra til Zonker bur i Kalifornia, og han har ei søster, mor til Zipper Harris, ein meir moderne hipster-utgåve av personen.

Kulturell verknad[endre | endre wikiteksten]

Wesleyan university held ei uoffisiell markering i april kvart år, kalla «Zonker Harris Day», til minne om dei ville sekstiåra. Leiinga ved universitetet har sett seg imot dette, og dagen har vorte mint som «ze who shall not be named day» til ære for Zonker. Zonker sjølv vart beden i 2011, men fann at dette vart vanskeleg på grunn av prinsebryllaupet i England.

Zonker har med rette fått æra av å vera sjela i heile teikneserien.