Zoom Urørt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Zoom Urørt er ein årleg musikkonkurranse der norske usignerte band og artistar vert plukka ut til ein månadslang Noregsturné. Konseptet vart starta av utestaden So What! i Oslo i 1996 under namnet Zoom. Føremålet var å setja fokus på nye artistar som fortente merksemd. Zoom Urørt vert i dag av uavhengige klubbar i Noreg i samarbeid med NRK Urørt og Norgesnettet.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Dei fyrste åra bestod Zoom av å presentera to eller tre band på So What! annankvar tysdag. Under Zoom 1997 vart det plukka ut tre artistar som fekk delta på den fyrste Zoom-turneen våren 1998. Etter kvart blei klubbar og utestader i Tromsø, Bodø, Trondheim, Bergen, Stavanger og Kristiansand også med i Zoom-konseptet. I dei ulike byane blir det arrangert lokale delfinalar, gjerne over fleire dagar, der det blir plukket ut eitt eller fleire band frå kvar stad til ein nasjonal finale som vert halden over fleire dagar. Finalen vart arrangert på So What! fram til utestaden la ned i 2003. Etter det har finalen vorte halden på John Dee Live Club & Pub i Oslo (2003), Blæst i Trondheim (2004) og sidan 2005 på Garage i Oslo.

Den fyrste Zoom-turneen gjekk til England i mars 1998 der han hadde tre stopp. Året etter blei turnéen utvida til Noreg der det var fem stopp i tillegg til fem stopp i England / Skottland. I 2000 hadde turneen over tjue konsertar i Noreg, Skottland og England. I 2002 og 2003 vitja turneen også Popkomm-festivalen i Tyskland. Sidan 2004 har ein berre hatt konsertar i Noreg under turnéen. Turnéen pågår normalt over rundt ein månad med rundt 20 konsertar. Sidan 2000 har by:Larm vore ein fast stoppestad under turneen.

Før Zoom 2005 inngjekk Zoom eit samarbeid med NRK Urørt og endra namn til Zoom Urørt. Talet på årlege vinnarar blei samtidig redusert frå tre til to, og i staden blir det no plukka ut ulike lokale band brukt som oppvarmingsband under turneen.

Vinnarar av Zoom Urørt[endre | endre wikiteksten]

Den britiske gruppa Knee-high deltok saman med vinnarane frå 1999 under turneen i 2000.

Andre band som har delteke på Zoom tidlegare år er Madrugada, Bigbang og Jaga Jazzist.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Artikkelen er omsett frå Bokmålswikipedia, 12. februar 2011.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]