Zoot Suit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Zoot Suit»
Singel av The High Numbers (The Who)
B-side «I'm the Face» (P. Meaden)
Utgjeve 3. juli 1964
Innspelt Juni 1964
Sjanger Pop
Selskap Fontana Records TF 480 (UK)
Låtskrivar(ar) Peter Meaden
Produsent Peter Meaden
The High Numbers (The Who)-kronologi
«Zoot Suit» «I Can’t Explain»
(1965)

«Zoot Suit» var den første singelen til det engelske rockebandet The Who, medan dei enno vart kalla The High Numbers.

Songen vart skriven av Peter Meaden, manageren til bandet på denne tida, men det meste av musikken vart kopiert frå amerikanske soulplater, songen «Misery» av The Dynamics. Singelen vart meint for mod-rørsla og slo ikkje til på listene. Bandet hadde før singelen kom ut hatt namnet The Who, og etter singelen kom ut gjekk dei tilbake til dette namnet, fann nye managerar og gav ut sin sjølvskrivne «I Can’t Explain», som vart ein hit i Storbritannia.

Songen er og B-sida «I'm the Face» finst på filmmusikken til filmen Quadrophenia, som er basert på albumet deira Quadrophenia frå 1973.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]