Zori

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Moderne zoriar til sals. (Foto: Alexa Bender)

Zori er japanske sandalar, laga av brokadestoff og vevde risstrå, eller i moderne tid vinyl. Dei er mjukare enn getaer, og blir brukte om sommaren saman med kimono.

Forma på sålen er som regel firkanta for menn og avrunda for kvinner. Zoriane blir festa til føtene med ein stropp mellom tærne. Tradisjonelt er denne svart for menn og raud for kvinner, men i nyare tid kan stroppen òg ha ulike mønster.

Det er vanleg å ha tabi, tåsokkar, på oppi sandalane.

Stråa i zoriane er dei same som blir brukt til å laga tatami, tradisjonelle japanske matter til å ha på golvet