Zugsjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Zugsjøen
Zugersee
Zugsjøen Zugersee -
Zugsjøen Zugersee - Kart
Kart
Stad Sentral-Sveits
Koordinatar 47°7′N 8°29′EKoordinatar: 47°7′N 8°29′E
Tilsig Lorze
Utsig Lorze
Tilsigsområde 204
Tilknytte land Flag of Switzerland.svg Sveits
Største lengde 13,8 km
Overflateareal 38,3 km²
Middeldjupne 83,2 m
Største djupne 197 m
Vassvolum 3,2 km³
Hydraulisk opphaldstid 14,7 år
Høgd over havet 417 moh
Busetnadar Zug, Arth, Buonas, Cham, Immensee, Oberwil, Risch, Walchwil

Zugsjøen, (tysk Zugersee) er ein innsjø i kantonane Zug og Schwyz i det sentrale Sveits. Sjøen har eit areal på 38 km² og ligg 414 meter over havet. Største djupna er 198 meter. På det trongaste er innsjøen om lag ein kilometer brei.

Elva Lorze, ei sideelv til Reuss, er hovudvasskjelda til Zugsjøen og drenerer innsjøen. Sidan ho renn inn innsjøen få kilometer frå utlaupet, er det liten omrøring i sjøen. Særleg då den skogdekte halvøya Chiemen deler Zugsjøen i to, den djupe sørdelen og den heller grunne norddelen.

Fram til byrjinga av 1900-talet var Zugsjøen næringsfattig, men vart snart ein av dei mest ureina innsjøane i Sveits. Trass i ulike åtgjerder vart vasskvaliteten berre langsamt betre. På grunn av den høge delen fosfor veks mange algar i dei øvre sjikta i vatnet. Under nedbrytinga brukar algane oksygen, noko som resulterer i oksygenmangel i djupet av sjøen. Sjøen vert berre drenert i norddelen, så vatnet står gjennomsnittleg 14,5 år i innsjøen. I 1953 vart det bygt eit reinseverk ved byen Zug, og i 1977 det andre reinseverket for 14 kommunar i området.

32 fiskeartar er påvist i Zugsjøen. Større verde som matfisk har sikar (Coregonus), ein variant av røye, åbor og gjedde. Den lokale varianten av røye er nemnd første gongen i 1281, og vart i seinmellomalderen også nytta som betalingsmiddel. For desse matfiskane finst nokre avlsanlegg langs strandlinja av innsjøen.

Busetnader[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Zugsjøen