Zuid-Holland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sør-Holland
Provincie Zuid-Holland
provins
Flagg
Symbol
Land  Nederland
Hovudstad Den Haag
Areal 3 418,50 km²
Folketal 3 577 032 (31. desember 2013)[1]
Kart
Zuid-Holland
52°00′00″N 4°40′00″E / 52°N 4.6666666666667°E / 52; 4.6666666666667
Wikimedia Commons: South Holland
Tullipanenger i Lisse.

Zuid-Holland (Sør-Holland) er ein provins i Nederland som ligg vest i landet ved kysten av Nordsjøen. Provinsen er den mest folkesette og industrialiserte av dei nederlandske provinsane. Han grensar til Zeeland i sørvest, Noord-Brabant i søraust, Gelderland i aust, Utrecht i nordaust og Noord-Holland i nord.

Her ligg store byar som Den Haag (administrasjonssete) og Rotterdam. Andre byar er Dordrecht, Leiden, Delft, Gouda og Katwijk. Rotterdam har ei av dei største hamnene i verda. Zoetermeer er ein særs ny by og det meste av han vart bygd i 1970-åra. Andre nyare byar er Capelle aan den IJssel, Hellevoetsluis og Spijkenisse, som alle ligg i nærleiken av Rotterdam.

Området er ein del av elvedeltaet til dei to store elvane Rhinen og Maas. Av andre elvar og kanalar i provinsen finn ein Nieuwe Maas, Nieuwe Waterweg, Oude Maas, Haringvliet, Hollands Diep, Oude Rijn og Hollandse IJssel.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Provinsen Zuid-Holland vart danna i 1840 då provinsen Holland vart delt inn i ein nordleg (Noord-Holland) og ein sørleg del. Sidan den gong har Zuid-Holland gjeve frå seg dei tre kommunane Oudewater i 1970, Woerden i 1989 og Vianen i 2002 til provinsen Utrecht.

Kommunar[endre | endre wikiteksten]

Zuid-Holland er delt inn i 60 kommunar. Her ei liste over kommunane med lenkje til kart over kommunen:

Øyar[endre | endre wikiteksten]

(frå nord til sør, og frå vest til aust, med kommunar)

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

Det er fire offisielle regionar i provinsen:

  • Zuid-Holland Zuid
    • Drechtsteden
      • Alblasserdam, Dordrecht, Hendrik-Ido-Ambacht, Papendrecht, Sliedrecht, Zwijndrecht
    • the rest of the Hoeksche Waard og Tiengemeten
    • Goeree Overflakkee
  • Zuid-Holland West
    • Haaglanden
      • Delft, Den Haag, Leidschendam-Voorburg, Midden-Delfland, Pijnacker-Nootdorp, Rijswijk, Wassenaar, Westland, Zoetermeer.
    • Leidse regio
      • Alkemade, Leiden, Leiderdorp, Oegstgeest, Voorschoten, Zoeterwoude
    • Duin- en Bollenstreek
      • Hillegom, Katwijk, Lisse, Noordwijk, Noordwijkerhout, Teylingen
  • Zuid-Holland Oost
    • Krimpenerwaard
      • Bergambacht, Nederlek, Schoonhoven, Vlist, Ouderkerk
    • Alblasserwaard-Vijfheerenlanden
      • Giessenlanden, Gorinchem, Graafstroom, Hardinxveld-Giessendam, Leerdam, Liesveld, Nieuw-Lekkerland, Zederik.
    • Rijnstreek
      • Alphen aan den Rijn, Jacobswoude, Nieuwkoop, Rijnwoude
    • Gouwestreek
      • Bodegraven, Boskoop, Gouda, Moordrecht, Nieuwerkerk aan den IJssel, Reeuwijk, Waddinxveen, Zevenhuizen-Moerkapelle
  • Rijnmond
    • Albrandswaard, Barendrecht, Bernisse, Brielle, Capelle aan den IJssel, Hellevoetsluis, Krimpen aan den IJssel, Lansingerland, Maassluis, Ridderkerk, Rotterdam, Rozenburg, Schiedam, Spijkenisse, Vlaardingen, Westvoorne

Uttrykket Zuidvleugel refererer til ein stor del av provinsen:

  • Drechtsteden og ein del av Hoeksche Waard: Binnenmaas, Oud-Beijerland
  • Zuid-Holland West
  • Rijnmond
  • ein liten del av Zuid-Holland Oost: Gorinchem, Hardinxveld-Giessendam

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Zuid-Holland