Zuluriket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Zululand» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå Zululand (fleirtyding).
Wene wa Zulu
Zuluriket

1816–1880
Plasseringa til Zuluriket
Plasseringa til Zuluriket
Hovudstad KwaBulawayo; seinare Ulundi
Språk isiZulu
Styreform Monarki
Konge
 - 1816-1828 Shaka kaSenzangakhona (første)
 - 1872-1880 Cetshwayo kaMpande (siste)
Historie
 - Zuluane tar over Mthethwariket under Shaka 1816
 - Underlagt Kappkolonien 1880
Innbyggjarar
 - 1828 est. 250 000 
Valuta Kveg

Zuluriket var ein stat av zuluar i det som i dag er Sør-Afrika. Det vesle kongedømet kom i konflikt med britane i 1870-åra og vart erobra.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Shaka var ein uekte son av zuluhøvdingen Senzangakona, og han og mora vart sende i eksil til Mthethwa-folket. Her kjempa han som krigar under Dingiswayo, leiaren for Mtetwariket. Då Senzangakona hjelpte Dingiswayo han til å ta over som høvding over zuluane. Shaka vart etterfølgd av halvbroren Dingane, son konspirerte i lag med ein annan halvbror, Mhlangano, og tok livet av Shaka. Etter drapet tok Dingane livet av Mhlangano og tok over trona. Noko av det første han gjorde var å ta livet av alle i slekta som kunne ta over trona, og seinare mange av støttespelarane til Shaka.

I oktober 1837 vitja leiaren for Voortrekker, Piet Retief, Dingane og forhandla med han for å få eit landområde til voortrekkerane. Månaden etter la 1000 Voortrekker-vogner i veg opp Drakensberg-fjella frå fristaten Orange i det som i dag er KwaZulu-Natal. Tidleg året etter vart det signert ein avtale der Dingane sa frå seg alt landområde sør for elva Tugela til elva Mzimvubu til Voortrekker. Det vart stelt i stand ei feiring og Retief og mennene hans vart inviterte til dans. Midt i dansen gav Dingane ordre om å fange voortrekkarane og dei vart teken til ein ås like ved og massakrerte. Sidan gjekk dei til åtak på fleire voortrekkerar i nærleiken. Resten av voortrekkarane valde ein ny leiar, Andries Pretorius, og Dingane leid eit stort nederlag i slaget ved Blood River den 16. desember 1838, då han gjekk til åtak på 470 vortrekkarar leia av Pretorius.

Etter nederlaget sette Dingane fyr på husa sine og flykta nordover. Dingane vart myrda nær grensa til det som i dag er Swaziland. Mpande, halvbroren hans og einaste som ikkje vart myrda av Dingane tidlegare, tok over trona til Zuluriket.

Etter krigen mot Dingane forma voortrekkerane i 1839 boar-republikken Natalia, sør for Tugela og vest for den britiske busetnaden Port Natal (i dag Durban). Mpande og Pretorius levde fredfullt med kvarandre. I 1842 braut det ut krig mellom britane og boarane og britane annekterte Natalia. Mpande klatre å oppretthalde eit godt forhold til britane.

I 1843 gav Mpande ordre om å reinske ut alle dissentar i i kongedømet hans. Dette førte til mange drap og fleire tusen flykta til naboområda. Mange av dei tok med seg kveg. Mpande starta å gå til åtak på dei omliggande områda og invaderte til slutt Swaziland i 1852. Britane la press på han og han trekte seg ut att etter kort tid.

På denne tida braut det ut ein arvefølgjekrig mellom dei to sønene til Mpande, Cetshwayo og Mbuyazi. Dette enda i 1856 med slaget ved Ndondakusuka der Mbuyazi mista livet. Cetshwayo tok over etter Mpande som døydde i 1872.

Zulukrigen[endre | endre wikiteksten]

11. desember 1878 leverte britane eit ultimatum til 14 høvdingar som representerte Cetshwayo. Vilkåra var uakseptable for Cetshwayo og britiske styrkar kryssa Tugelaelva mot slutten av desember 1878. Krigen fann stad i 1879. Tidleg i krigen slo zuluane britane i slaget ved Isandlwana den 22. januar, men vart slått seinare på dagen ved Rorke's Drift. Krigen enda med at zuluane vart slått i slaget ved Ulundi den 4. juli.

Cetshwayo vart fanga ein månad seinare og send i eksil til Cape Town. Britane tok kontroll over Zuluriket og delte det i 13 små underkongedøme. Det braut raskt ut konflikt mellom desse underkongedøma, og i 1882 fekk Cetshwayo reise til England. Her møtte han mellom andre dronning Victoria før han kom tilbake til Zululand for å setjast inn att som konge.

I 1883 vart Cetshwayo igjen konge over eit område som var mykje mindre enn det opphavlege kongedømet hans. Seinare på året vart Cetshwayo angripe av Ulundi, eit av dei 13 underkongedøma som var støtta av boarane. Cetshwayo vart skadd og flykta. Han døydde i februar 1884 og sonen, Dinuzulu på berre 15 år, tok over trona.

Slutten[endre | endre wikiteksten]

Dinuzulu rekrutterte boarar som leigesoldatar og lovde dei land mot hjelpa dei gav han. Dei slo Zibhebhu i 1884 og la krav på landområda dei hadde vorte lova. Dei fekk meir enn halve Zululand og danna sin eigen sjølvstendige republikk. Dette uroa britane, som så annekterte Zululand i 1887. Dinuzulu vart seinare involvert i konfliktar med rivalane sine. I 1906 vart han anklagd for å ha stått bak Bambathaopprøret. Han vart arrestert og stilt for retten av britane for «høgforræderi og offentleg vald». I 1909 vart han dømd til ti år i fengsel på St. Helena. I 1913 døydde han i eksil i Transvaal

Solomon kaDinuzulu var son til Dinuzulu, men vart aldri rekna som konge over zuluane av dei sørafrikanske styresmaktene, berre som ein lokal høvding. I 1923 skipa Solomon organisasjonen Inkatha YaKwaZulu for å fremme kravet om trona. Dette kravet vart fornya i 1970-åra av Mangosuthu Buthelezi, leiaren til KwaZulu bantustan.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Zulu Kingdom» frå Wikipedia på engelsk, den 30. mai 2009.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Bryant, Alfred T. (1964). A History of the Zulu and Neighbouring Tribes. Cape Town: C. Struik. s. 157. 
    • Morris, Donald R. (1965). The Washing of the Spears: the Rise of the Zulu Nation. New York: Simon and Schuster. s. 655.