Zurab Khizanisjvili

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
ზურაბ ხიზანიშვილი
Zurab Khizanisjvili
Personleg informasjon
Fødd 6. oktober 1981
Fødestad Tbilisi
Høgd 185 cm
Posisjon Forsvarsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Kayserispor
Nummer 6
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1998-99
1999-2000
2000-01
2001-03
2003-06
2005-06
2006-11
2009
2010-11
2011-
Georgia Dinamo Tbilisi
Georgia FK Tbilisi
Georgia L. Tbilisi
Skottland Dundee
Skottland Rangers
Blackburn (lån)
Blackburn
Newcastle (lån)
Reading (lån)
Tyrkia Kayserispor
2 (1)
9 (0)
16 (1)
43 (0)
42 (0)
26 (1)
36 (0)
7 (0)
39 (0)
0 (0)
Landslag
1999- Georgia Georgia 74 (1)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 25. april 2010

Zurab Khizanisjvili, georgisk ზურაბ ხიზანიშვილი (fødd 6. oktober 1981 i Tbilisi i Georgia) er ein georgisk fotballspelar som i 2011/12-sesongen spela i forsvar for Kayserispor i den tyrkiske fotballigaen, og for Georgia sitt landslag.

Khizanisjvili spelte for fleire klubbar i heimbyen Tbilisi, før han i 2001 drog til skotsk fotball og eliteserieklubben Dundee FC. I 2003 gjekk han til toppklubben Rangers. Han vart seriemeister i Skottland med Rangers i 2004/05-sesongen, men spelte berre 16 seriekampar den sesongen. Sommaren 2005 drog han til Blackburn Rovers i engelsk Premier League. Han spelte dei fleste seriekampane i den første sesongen sin der, og rundt halvparten av kampane neste sesong, men hadde større og større problem med å komma på førstelaget. I 2009 gjekk han på lån i tre månader til Newcastle United i nest høgste divisjon, og då den låneperioden gjekk ut, gjekk han til Reading i januar 2010. Låneperioden vart forlenga i august 2010 til heile 2010/11-sesongen.

Khizanisjvili debuterte for Georgia sitt A-landslag i 1999. Han skåra det første landslagsmålet sitt 6. juni 2009 i ein privatlandskamp mot Moldova.