Aktor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Aktor er ein person med juridisk embetseksamen som representerer påtalemakta i ei straffesak for domstolane. Aktor skal føre prov for at sakgjevne er skuldig, og argumentere for at den som vert kjend skuldig, skal ha ein viss straff. Det er ein føresetnad at aktor skal vere nøytral i den meininga at han må òg føre eventuelle prov som òg er til gunst for sakgjevne.

I Noreg kan Riksadvokaten, statsadvokatar og dei juristane som er tilsett i politiet som politifullmektigar, politiadvokatar og politiinspektørar, vere aktorar. I de fleste av sakene for tingrettane, som er sakene på det lågaste nivået i domstolsystemet, er det til vanleg juristar i politidistriktet som fungerer som aktorar, medan statsadvokatane tek seg av sakene for høgare domstolar og når meir alvorlige saker er oppe til avgjerd. Riksadvokaten kan i somme sjeldsynte høve, særleg om saka er sers prinsipielt viktig, ta oppgåva som aktor når saka står for Høgsterett.

Spire Denne rettsvitskapsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.