Antigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Antigen (frå eng. antibody generating substance) er molekyl som antistoff og reseptorar på T-celler kan kjenna att og reagera med. Eit antigen kan, men lyt ikkje vera immunogent og kunna framkalla eit immunsvar. Enda om t.d. fleire lågmolekylære substansar kan reagera med ferdige antistoff, lyt dei fyrst koplast til eit berarmolekyl om dei er immunogene og framkalla eit immunsvar (hapten). Eit antigenmolekyl kan ha fleire ulike antigene determinantar (epitopar) for ulike antistoff. Enda om kvar einskild epitop berre kan bindast til sin særskilde antistoff, kan eit antigen ha bindingsstader for ulike antistoff på eitt og same molekyl.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Delves PJ, Martin SJ, Burton DR, Roitt IM (red., 2006) Roitt´s Essential Immunology, 11. utg., Blackwell Publishing Ltd., Oxford. ISBN 9781405136037.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]