Arm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Armstudie av Barend Cornelis Koekkoek.
Dvergsjimpanse bruker armane til stell av ein unge.

Arm (norrønt armr) viser til framlemmer hjå menneske og apar eller til lemmar som kan brukast på liknande måte hjå andre dyr, som blekksprutar. Vidare kan «arm» nyttast i overført tyding, som fjordarm, einarma banditt eller om «lovens lange arm».

Armen hjå primatar byrjar ved skuldra, bøyer seg ved olbogen og sluttar ved handa. Dei viktigaste knoklane i armen er overarmsbeinet (humerus), albogebeinet (ulna) og spolebeinet (radius). I tillegg utgjer ei rekkje knoklar handa medan skuldra er danna av skulderblad (scapula) og kragebein (clavicula).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Arm
Spire Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.