Fotball

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fotball

Fotball er eit lagspel som er utbreidd over heile verda, både på profesjonelt og amatørnivå. Spelet går ut på å få ein ball, hovudsakleg ved å bruka føtene, inn i målet til motstandaren.

For å spela treng ein berre ein ball, to mål og nokre spelarar, og fotball er såleis tilgjengeleg også for folk som er svært fattige. Men idretten er òg ei stor pengemaskin, med nokre av verdas best betalte utøvarar.

Spelet[endre | endre wikiteksten]

Kvinnefotball i ein park.
Ein gut sparkar fotball.

Fotball, slik han blir definert av den internasjonale fotballorganisasjonen FIFA, blir spelt av to lag med elleve spelarar kvar, sjølv om ungdomskampar eller amatørkampar ofte har færre spelarar på kvart lag. Eit lag blir oftast delt inn i ein målmann, forsvarsspelarar, midtbanespelarar og angrepsspelarar. Målmannen er den einaste som med vilje kan røre ballen med hendene. Dei andre spelarane har som oppgåve å få ballen over banen og inn i motstandarane sitt mål, og å hindra det andre laget i å gjera det same den andre vegen. Det laget som har scora flest mål på slutten av kampen har vunne. Ein kamp varer vanlegvis i 90 minutt, delt opp i to omgangar á 45 minutt, men barn og unge spelar kortare kampar.

Reglar[endre | endre wikiteksten]

Reglane for spelet vart fastsette på midten av 1800-talet, etter mykje usemje mellom engelske skular om korleis dei skulle sjå ut. Kvar skule hadde sine reglar, og nye kompromissforslag vart lagde fram med ujamne mellomrom. For å ordne opp i kaoset vart FA stifta i 1863, men dette førte til meir splitting og skipinga av Rugby Football Union i 1871.

Reglane frå 1863 vart sterkt forandra, og dei reglane liknar meir på rugby enn dagens fotball. Sporten forandra seg likevel mykje på slutten av 1800-talet, slik at den idretten som kom ut av Storbritannia og til Europa og Sør-Amerika i 1890-åra liknar mykje på den idretten som vert spelt i dag. Dei einaste store endringane er ei forandring av offsideregelen og innføringa av innbytarar.

Dei 11 spelarane må ha trøye, shorts, sokkar, fotballsko og leggbeskyttarar for å få lov til å spele ein offisiell kamp. Spelarane kan ikkje ha på seg noko som kan vere farleg for andre på bana.

Ein spelar kan takast av bana og byttast ut med ein annan. I profesjonelle kampar er det vanlegvis tre innbyte per lag, og ein spelar som har forlate bana kan ikkje komme attende. Desse reglane er mindre strenge på amatørnivå.

Ein dommar ser til at reglane for spelet blir haldne, gjerne med hjelp av to linjemenn som passar spelet frå sidene. Dommaren blir ofte kritisert, både av publikum, spelarar og media.

Banen ein spelar på kan variera. Som regel er han dekt av gras eller kunstgras, men det går òg å spela på grus. I internasjonale turneringar skal banen vera mellom 100 og 110 meter lang og 64-75 meter brei. Målet er i dag (2005) 2,44 meter høgt og 7,32 meter breitt.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fotballspelet stammar frå England, der det mellom anna blei spela på kostskolar. Reglane blei standardiserte på 1800-talet.

Det var først menn og unge gutar som deltok i spelet. Sidan har òg ungar og kvinner fått spela. Ei undersøking gjort av FIFA våren 2001 viste at 240 millionar menneske i over 200 land spelte fotball.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Tippeligaen

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Fotball