Fritid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
På fritida kan ein til dømes byggja og køyra ei seglvogn. Bilde frå Brooklyn på 1910-talet.

Fritid er tidsrom der ein har fri frå arbeid, utdanning eller andre pålagde oppgåver, og kan gjera det ein sjølv vel. Ein kan knyta ulike gjeremål, opplevingar og stader til fritid gjennom omgrep som «fritidssyssel», «fritidsaktivitet» og «fritidsbustad». Ein kan også skilja fritid frå anna tid gjennom å bruka fritidsklede i staden for til dømes arbeidsantrekk. Ein kan skilja mellom stillesitjande fritidsaktivitetar som handarbeid, hobbysamling, lesing og mediabruk og meir aktiv fritid som friluftsliv og idrett.

Mange organiserer seg i grupper og lag for å driva fritidssyslane sine. Ein kan også driva med frivillig arbeid i fritida.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne samfunnsartikkelen som har med underhaldning å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.