Gryte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For etternamnet Gryte, sjå Grythe.
Gryte med lokk.
Texansk cowboy serverer rett frå gryta.

Ei gryte er eit djupt kar brukt til å koka, steika eller varma mat og vatn i. Ein kan også bruka dei som serveringskar. Gryter har ofte lokk og handtak eller hankar.

Gryter finst i mange ulike storleikar, og er i dag som oftast laga av metall. Tidlegare, som i vikingtida lagde ein ofte gryter av stein, gjerne kleberstein. Ordet gryte kjem av norrønt grjot, som tyder stein. Ein har òg brukt mindre varmetolande leirkar som gryter.

Gryter kan varmast ved hjelp av ei kokeplate, levande eld frå bål eller gass, eller ved at ein legg varme steinar oppi dei.

Anna[endre | endre wikiteksten]

Ei gryte kan òg vera eit stort eller lite søkk i lendet, som Oslogryta eller ei jettegryte.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]