Husdyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Okse nytta til å pløye rismark.

Husdyr eller tamdyr er dyr som menneske har knytt til seg, temd og brukt til nytte eller selskap over lengre tid slik at dei er blitt domestiserte. Vanlegvis er det flokkdyr som let seg domestisera.

Husdyr kan vera bruksdyr som ein bruker som arbeidsdyr eller for å produsera dyreprodukt som mjølk, egg, kjøt eller skinn. Nokre dyr kan vera livdyr som hovudsakleg blir brukte til avl.

Husdyr kan også også brukast til fritidssyslar (t.d. riding eller jakt), som pynt eller underhaldning, eller som kjæledyr.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Illustrasjon av apekatt og katt som husdyr. Frå «Queer Phases of Animal Life», 1883.

Historikarar trur at menneske har halde husdyr i minst 8 000 år. Det første husdyret var truleg ulven som etterkvart blei til tamhunden.[1] Deretter kom dyr som sau, geit, gris, kyr, høns og katt. Av andre husdyr kan nemnast hest, esel, sebu, vassbøffel, jak, kamelar, reinsdyr, lama, svin og kanin. Fjørfe og andre fuglar blir haldne som husdyr, som kalkunar, ender, tamduer, påfuglar og papegøyar. Insekt som honningbier, silkeormar og marihøner blir brukte for å hjelpa til med produksjon. Fisk som karpe, gullfisk og andre vasslevande dyr er blitt haldne som husdyr i akvarium. I nyare tid er ulike pelsdyr blitt tekne som husdyr for å framstilla pelsverk, og ei rekkje ville dyr som gnagarar, apar, slangar og edderkoppar er blitt brukte som til dels eksotiske kjæledyr.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hagen, Anders & Vangen, Odd. «Husdyr» (14. februar 2009), Store norske leksikon.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Husdyr
Spire Denne landbruksartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.