Hustru

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bilete av ei hustru, Julia Grant, amerikansk presidentfrue gift med Ulysses Grant, saman med ungane og far sin.

Hustru, kone og kjerring er nemningar brukte om ein kvinneleg ektefelle. Det å vera hustru, og gjennom dette mor, er i mange kulturar rekna som ein nødvendig del av eit kvinneliv.

Juridisk stilling[endre | endre wikiteksten]

I jamstilte samfunn er hustrua juridisk jamstilt med ektemannen, men i patriarkalske samfunn kan ho vera økonomisk, juridisk og seksuelt underlagt han. Dette kan til dømes gå ut på at ho ikkje kan eiga noko, gjere avtaler eller ta avgjerdsler om seksuallivet sitt utan hans samtykke. Mannen kan også ha større mogleik for å ta ut skilsmål enn ho har.

Ansvar[endre | endre wikiteksten]

Til det å vera hustru kan det følgja visse oppgåver og plikter. Desse går mellom anna ut på at ein er forventa å leva saman med ektemannen, som regel ha seksuell omgang med han, og ofte føda og oppdra ungar. Det blir som regel venta at ho viser truskap til mannen, og gjerne at ho ter seg innanfor visse normer, som å kle seg sømeleg.

Ofte har ei hustru ansvar for hus og heim, det vil seia mat- hus og kledestell. Dette kan vera ein fulltidsjobb og kvinna blir då kalla husmor. Ho kan stå for kvinnearbeidsoppgåvene på til dømes ein gard som gardkone. Ei hustru kan også bidra økonomisk til ekteskapet, anten gjennom eige arbeid eller ved å ha med seg ei medgift.

Mynde[endre | endre wikiteksten]

I jamstilte samfunn venter ein at ei kone og ein mann blir samde om avgjerdsler som gjeld familien deira. I matriarkalske samfunn kan ei eldre kone ha stilling som familieoverhovud, medan koner i patriarkalske samfunn er forventa å underordna seg ektemannen. Om denne er vekkreist kan kona i nokre tilfelle ta over rolla som familieoverhovud, eller må lyda andre mannlege slektningar.

Religion[endre | endre wikiteksten]

Hindugudinna Sita blir ofte kalla ei perfekt hustru.

Koner har ofte ei gjeven stilling innan ein religion. Det kan til dømes ventast at ho skal læra opp familien i den rette trua, eller at ho skal vera eit døme for dei på korleis ein skal leva.

I norrøn tid leia husfruer ofte blót som hadde med heimen å gjera. I hinduismen har gifte kvinner visse oppgåver under seremoniar. I nokre hindutradisjonar faster gifte kvinner éin dag årleg for velferda til ektemaken (karvatsjauth).

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Ei kvinne kan markera statusen sin som gift ved å ha på seg ulike plagg, som norsk koneskaut eller indisk sari, eller symbol, som giftering eller eit pannemerke.

Kjende koner[endre | endre wikiteksten]

Gifte kvinner kan bli kjende og få status gjennom ektemannen. Dette gjeld til dømes mange dronningar og presidentfruer. Tidlegare i europeisk og norsk kultur var det også vanleg at ei kvinne fekk tittel gjennom ektemannen, som «oberstinne» om ein var gift med ein oberst, eller «prestekone» om ein var gift med ein prest.

Mange gudinner blir framstilte som gifte kvinner. Særleg den hinduistiske Sita blir ofte kalla ei perfekt hustru.

Andre omgrep[endre | endre wikiteksten]

Ei kvinne blir kalla brur når ho går inn i ekteskapet. Ei kone som ektemannen har døydd frå blir kalla enkje.