Kake

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For den nyzealandske papegøyearten, sjå fuglen kaka.
Bursdagskake pynta med tekst og levande lys.
Mandarinkake med tre lag.

Kake er ei form for mat som vanlegvis er søt og ofte bakt. Kaker kombinerer normalt ei form for mjøl, eit søtingsstoff (vanlegvis sukker), et bindestoff (egg, sjølv om gluten eller anna stivelse blir brukt av personar som er vegetarianar og veganar), eit feittstoff (vanlegvis smør eller margarin), væske (mjølk, vatn eller fruktjus), smakstoff og noko til å heve baksten (som gjær eller bakepulver), sjølv om mange kaker manglar desse ingrediensane og baserer seg på at luftboblar i deigen skal utvida seg og få kaka til å heve. Marsipan, krem eller anna fyll blir ofte lagt på eller rundt kaka, saman med andre søtsaker (som sjokolade) eller frukt som pynt.

Kake er som oftast den desserten som blir brukt i seremoniar og feiringar, spesielt bryllaup og bursdagar. Det finst millionar av kakeoppskrifter, og mange er hundrevis av år gamle. Å lage kaker er ikkje veldig tidkrevjande lenger, og ein får kjøpt ferdiglaga kaker som berre treng å tilsette visse ingrediensar.

Nokre kjende kaketypar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]