Karri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karripulver.
Kylling i karrisaus.

Karri er ei vestleg nemning for fleire asiatiske sausar og krydderblandingar brukt til å laga dei. På norsk viser namnet særleg til ei krydderblanding sett saman av spisskum, koriander, gurkemeie, chilipulver og bukkehornkløver (fenugreek), eller ein saus laga med slikt krydder. Denne karrien er kjenneteikna av ein gulaktig farge på grunn av gurkemeien, og ei særskilt lukt som særleg kjem frå koriander og spisskummen. Karrismaken passar til ei rekkje former for kjøt, fisk og grønsaker.[1]

Ordet «karri» kjem av tamilsk kari og tyder ganske enkelt 'grønsakrett', ofte forklart som 'saus'.

Gurkemeie er ein viktig ingrediens i karri, og har tradisjonelt vore brukt i asiatisk medisin. Laboratorieforsøk har vist at eit stoff i gurkemeie, kurkumin, kan motverka betennelsar og kreft. Det er likevel ikkje stadfesta at det å eta karrimat eller gurkemeie i seg sjølv er helsebringande.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Karrirett servert med ris.

Omgrepet «curry» kom til Storbritannia frå India på 1700-talet. Nye asiatiske krydder gjorde det mogleg å laga mat som britar var blitt kjende med i Britisk India. Den første kjende karrioppskrifta er «Currey the India way» i Hannah Glasse si kokebok The Art of Cookery made Plain and Easy frå 1747. Oppskrifta på denne tjukke sausen var nokså enkelt smakssett med malen koriander, smør, lauk og salt.[3] I den oppdaterte utgåva frå 1774 inneheldt oppskrifta finmalen gurkemeie, ingefær og pepar.[4]

Curry blei ein populær britisk matrett som mellom anna blei brukt til restemat. Frå 1780-åra blei det selt ferdigblanda karripulver,[5] og i 1810 blei den første karristova i England, Hindoostanee Coffee House, opna i London av bengalaren Sake Dean Mahomed.[6] Fleire britiske kokebøker frå 1800-talet hadde karrioppskrifter, mellom anna den populære Mrs Beeton, som gav ei oppskrift på karripulver (med koriander, gurkemeie, kanel, kajennepepar, sennepsfrø, ingefær, allehande og bukkehornkløver), men meinte at å kjøpa ferdigblanda pulver kunne vera både betre og meir økonomisk.[7]

Tilreiing av thailandsk karri.

Etter viktoritida var karriretter ei tid mindre vanlege heimelaga mat, men blei populære att i mellomkrigstida saman med annan eksotisk mat.[8] Frå slutten av 1940-talet opna ei rekkje indiske restaurantar i Storbritannia som serverte britisktilpassa indisk mat. Desse blir gjerne kalla curry houses. På 1990-talet blei det også opna ei rekkje søraustasiatiske restaurantar, hovudsakleg med thailandsk mat, i Storbritannia, med mange karriretter.[9] I 1997 blei curry utropt til den britiske favorittretten i ei meiningsmåling.[10]

Annan bruk[endre | endre wikiteksten]

Karripulver er òg vanleg i retter som ikkje nødvendigvis blir kalla karri, til dømes til fiskebollar i kvit saus, currywurst, mulligatawny soup eller coronation chicken.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Christopher Sjuve (25.11.2010). «Varm deg på karri». 
  2. Mona Berg Hansen (19. desember 2010), «Gurkemeie – fra krydder til medisin», forskning.no ; «- Gurkemeie mot hjerneslag», forskning.no, 12. februar 2011  «Karri mot prostata», forskning.no, 14. februar 2012 
  3. Colquohoun 2007 s. 209
  4. Glasse 1774 s. 101
  5. Colquohoun 2007 s. 216
  6. «Curry house founder is honoured». London: BBC News. 29 September 2005. Henta 9. oktober 2008. 
  7. Beeton 1861 oppskrift 449.
  8. Glasse 1774 s. 334
  9. Glasse 1774 s. 101
  10. Glasse 1774 s. 371

Litteraturliste[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Karri