Polis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Området til polisen Sparta skissert på kart over det sørlege Hellas

Polis (gresk πόλις) er ei nemning på dei greske bystatane i antikken.

Ein polis var ofte demokratisk organisert og mesteparten av samfunnslivet var knytt til den den offentlege plassen (agora) og tempelområdet (akropolis). Dette var det politiske sentrumet i polisen (ordet politikk stammar frå polis). Utanfor bymurane låg polisen sitt område. Her hadde byborgarane kornåkrar, dyrka grønsaker eller eide hausta frå oliventre.

Byen og området kring høyrde til polis, men det var byborgarane som utgjorde sjølve polis. Polis kan definerast som eit kollektiv av menn med borgarrett. Dei fleste polis var små i folketal og utstrekking. I eit polis kjende alle til kvarandre.

Utviklinga av polisar[endre | endre wikiteksten]

I arkaisk tid (800-500 f.Kr.) utvikla polisane seg . Polis-skipnaden vart til ved Egearhavet, og spreidde seg ut over området kring middelhavet.

Klassisk tid (500-323 f.Kr.) var tida då gresk kultur og kunst slo ut i full blom. Dei greske polisane spela ei leiande rolle i middelhavsområdet. Perioden er rekna å ha starta ved persarkrigane og avslutta med Alexander den store.

Hellenistisk tid (323-330 f.Kr.) var tida då gresk sivilisasjon spreidde seg ut over det riket som Alexander erobra. Polisane mista hovudrolla og makta vart overført til Alexander sine generalar og etterkomarane deira. Utover i perioden kom den greske verda meir og meir inn under den romerske republikken, og Romarriket.

Kjende polisar[endre | endre wikiteksten]