Selleri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hageselleri
Hageselleri
Hageselleri
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Skjermplanteordenen Apiales
Familie: Skjermplantefamilien Apiaceae
Underfamilie: Apioideae
Stamme: Apieae
Slekt: Sellerislekta Apium
Art: Hageselleri A. graveolens
Vitskapleg namn
Apium graveolens

Selleri (Apium graveolens) er ein toårig plante i skjermplantefamilien som blir brukt som grønsak.[1] Hageselleri finst i to hovudtypar; knollselleri der ein bruker rota og stangselleri der ein bruker stilk og blad.

Selleri har også vore brukt som medisinplante.

Nokre menneske har allergi mot selleri, og kan risikera eit livstruende anafylaktisk sjokk om dei får det i seg.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Selleri er ein næringskrevjande art. Han blir inntil 1 m høg, og har sterk lukt. Blada er mørkegrne, grove og finnete blad. Blomane er små og kvite blomster og veks i skjerm.[1]

Rotselleri, sellerirot eller knollselleri (Apium graveolens var. rapaceum) har ei stor, knollforma, knudra og lysebrun rot med sprøtt, kvitt fruktkjøt. Denne rota blir mykje brukt i supper og liknande, men kan også bakast, steikast eller etast rå og riven.[1]

Stangselleri, bladselleri eller stilkselleri (Apium graveolens var. dulce) har tjukke, kjøtfulle bladslirer og -stilkar med lite utvikla karstrengar. Denne delen av planten blir ofte eten rå, men kan også varmebehandlast.[1]

Tidlegare blei bladstilkane kunstig bleika medan dei vaks. Nokre sellerisortar er delvis sjølvbleikande, kjend som bleikselleri. I dag føretrekk ein som regel grønstilka sortar.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Selleri er ein gammal kulturplante som var kjend i det gamle Egypt. Selleri veks også vilt langs kysten av Europa, og finst forvilla på stader i Noreg med mildt klima.[1]

Som medisinplante blei eddik kokt på rota drukkt mot steinsmerter, safta mot kolikksmerter, og eit plaster laget av safta blei lagt på for ryggverk.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 «selleri». Store norske leksikon (på norsk). 12. juni 2018.