Sjakk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit sjakktrekk.
Foto: Walter J. Pilsak
Eit sjakkbrett og brikker i porselen.
Foto: Roberto Picco

Sjakk er eit brettspel for to spelarar, og er eitt av dei mest utbreidde spela i verda. Det vert spela med 32 brikker på eit kvadratisk brett med 64 ruter. Målet med spelet er å setja kongen til motspelaren i ein slik situasjon at han ikkje kan reddast. Dette blir kalla sjakk matt. Viss ingen av spelarane klarer det, vert spelet remis, eller uavgjort.

Spelet er svært innvikla og er blitt kalla både ein kunst og ein vitskap. Dei mange trekka og moglege utviklingane i spelet er så mange at ikkje ein gong dei beste spelarane kan sjå for seg alle utfalla. Talet på moglege spel er større enn talet på atom i universet.[treng kjelde]

Historie og utvikling[endre | endre wikiteksten]

To unggutar speler sjakk i det gamle Persia.

Sjakkspelet kjem opphavleg frå India, der det blei kalla tsjatorangasanskrit. Namnet kan omsetjast som «fire hærar», og fire spelarar kjempa om å vinna. Spelet spreidde seg etterkvart til Persia, der det fekk det vestlege namnet sitt frå sjah, som tyder konge.[treng kjelde] Sjakk skal ha blitt spela for å læra unge adelsmenn krigsstrategi.

Det finst ulike spel i verda som minner om sjakk, der dei mest utbreidde er xiangqi i Kina, shogi i Japan og janggi i Korea. I nyare tid har ein òg prøvd å utvikla spelet i andre retningar, mellom anna ved å endra på brettet, legga til nye brikker, endra flyttereglane deira og så bortetter. Døme på dette er rundsjakk og Fischersjakk.

Speltype[endre | endre wikiteksten]

Sjakk er ein «mental kampsport» der spelarane nyttar strategiske og taktiske element som spelereglane gjev rom for, og krev derfor bruk av abstrakt deduksjon. Det høyrer til klassa av spel utan tilfeldigheiter og med fullstendig informasjon. Det betyr at i kvar stilling har anten ein av spelarane ein strategi som sikrar vinst, eller så er det mogleg for begge spelarane å tvinge fram remis.

Speling[endre | endre wikiteksten]

Utstyr[endre | endre wikiteksten]

Vanlege former for sjakkbrikkene. Frå venstre mot høgre: konge, dronning, løpar, tårn, springar og bonde
a8 b8 c8 d8 e8 f8 g8 h8
a7 b7 c7 d7 e7 f7 g7 h7
a6 b6 c6 d6 e6 f6 g6 h6
a5 b5 c5 d5 e5 f5 g5 h5
a4 b4 c4 d4 e4 f4 g4 h4
a3 b3 c3 d3 e3 f3 g3 h3
a2 b2 c2 d2 e2 f2 g2 h2
a1 b1 c1 d1 e1 f1 g1 h1
Utgangsstilling. Legg merke til at kvit dronning står på kvitt felt, og svart dronning på svart.

For å kunne spela sjakk treng ein eit sjakkbrett som har 64 ruter med to fargar fordelt på annakvar rute, og 16 brikker for kvar av spelarane, av seks forskjellige slag: ein konge, ei dronning, to tårn, to løparar, to springarar og åtte bønder. Brikkene har òg to fargar, ut frå kva spelar dei høyrer til. Som regel er både brettet og brikkene haldne i svart og kvitt, men det er òg mogleg å bruka andre fargar, særleg på brikkene. Dei lysaste brikkene blir då rekna som kvite.

Måtar og stader[endre | endre wikiteksten]

Sjakk kan spelast privat som ein hobby, og som konkurranseidrett i sjakklubbar, i nasjonale og internasjonale sjakkturneringar og i meisterskap som noregsmeisterskapen i sjakk og verdsmeisterskapen i sjakk. Det kan òg spelast på avstand og over tid, til dømes som fjernsjakk gjennom brev eller e-post eller på verdsveven. Det er òg utvikla mange sjakkprogram der ein kan spela sjakk mot ein datamaskin.

Vanlegvis speler berre to motstandarar mot kvarandre, men ein flink spelar kan spela simultansjakk der han møter fleire motstandarar, med kvart sitt sjakkspel, samtidig.

Sjakk kan også spelast som blindsjakk, der spelarane spelar utan å sjå brett og brikker.

Gang i spelet[endre | endre wikiteksten]

Brikkene blir stilt opp i eit fastsett mønster på kvar side av brettet. Kvar type brikke flyttar på sin måte. Ein av spelarane har kvite brikker, og den andre har svarte. Spelaren med kvite brikker byrjar, og deretter flyttar spelarane annankvar gong, til spelet er over.

Eit parti kan slutte på forskjellige vis:

  • Sjakk matt, det vil seie at ein spelar ikkje kan hindre at kongen vert teken i det neste trekket. Han tapar då partiet.
  • Ein spelar gir opp. Dette skjer vanlegvis ved å seie at ein gir opp, eller også at ein rekkjer fram handa.
  • Remis (uavgjort).

Partiet vert remis på følgjande måtar:

  • Ingen av spelarane har nok brikker igjen til å setje den andre sjakk matt.
  • Den same stillinga førekjem for tredje gong med den same spelaren i trekket.
  • Begge spelarane har gjort femti trekk utan at ei brikke har vorte slått eller en bonde har vorte flytta.
  • Patt, som betyr at spelaren som er i trekket ikkje har noko lovleg trekk, men ikkje står i sjakk.
  • Spelarane vert samde om remis, for eksempel fordi dette er eit resultat begge er nøgde med, eller dei kjem fram til at ingen av dei kan vinne partiet.

Om ein spelar med tid, og brukar sjakklokke, kan partiet òg ende ved at tida til ein av spelarane går ut, slik at han tapar partiet.

Sjakkspelarar[endre | endre wikiteksten]

Verdsmeistrane i sjakk José Raúl Capablanca og Emanuel Lasker speler sjakk i Moskva i 1925.

Gjennom tidene har nokre menneske peika seg ut som framifrå sjakkspelarar. I dag er det den som vinn verdsmeisterskapen i sjakk som blir sett på som den beste sjakkspelaren. Før meisterskapen blei innført, fanst det personar som uoffisielt blei rekna som meistrar, slik som Philidor, Howard Staunton, Adolf Anderssen og Paul Morphy. Nokre kjende verdsmeistrar er Bobby Fischer, Anatolij Karpov, Garri Kasparov og Viswanathan Anand. Frå 22. november 2013 er Magnus Carlsen regjerande verdsmeister.

Svært sterke sjakkspelarar kan oppnå tittelen sjakkstormeister. Noreg har no 10 sjakkstormeistrar.[treng kjelde]

Tradisjonelt har sjakk vore ein mannsdominert idrett, men kvinner deltek no på turneringar, både for begge kjønn og berre for kvinner. Det har aldri vore ein kvinneleg verdsmeister i sjakk, men det er først i nyare tid at kvinnelege spelarar har teke til å gjera seg gjeldande. Judit Polgar frå Ungarn har fleire gonger vore rangert blant dei 10 beste spelarane i verda. Ho deltok som den første kvinnelege spelaren i VM-finala i sjakk, i VM-turneringa i San Luis i Argentina i 2005.

Sjakk i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Spelet har inspirert og vore skildra i eit utal kunstverk, som musikalen Chess, laga av Tim Rice og ABBA, og balletten Checkmate, komponert av Arthur Bliss.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]