Sjakkbrikka konge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
a8 b8 c8 d8 e8 f8 g8 h8
a7 b7 c7 d7 e7 f7 g7 h7
a6 b6 c6 d6 e6 f6 g6 h6
a5 b5 c5 d5 e5 f5 g5 h5
a4 b4 c4 d4 e4 f4 g4 h4
a3 b3 c3 d3 e3 f3 g3 h3
a2 b2 c2 d2 e2 f2 g2 h2
a1 b1 c1 d1 e1 f1 g1 h1

Kongen i sjakk er den viktigaste brikka, men òg den med minst handlingsrom.

Den kvite kongen startar på feltet e1, medan den svarte startar på e8. Kongen kan flytta eitt felt i alle retningar (framover, bakover, sidelengs og diagonalt). I løpet av partiet kan kongen òg gjera éin rokade.

Viss ein ikkje kan hindra at kongen blir slått, seier ein at han er sjakkmatt, og spelet er tapt. Ein spelar har ikkje lov til å flytta kongen slik at motstandaren kan slå han, det vil seia å setja sin eigen konge i sjakk. Kan spelaren ikkje utføra andre trekk, seier ein at kongen er sett patt, og partiet endar med remis (uavgjort).

Kongen deltek vanlegvis ikkje aktivt i starten av eit parti, og ein vil vanlegvis prøva å plassera han trygt bak sine eigne bønder. I sluttspelet blir kongen gjerne meir aktiv, og blir ofte brukt til å hjelpe eigne bønder fram til forvandling.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]