Skrekkfilm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skremt Ingrid Bergman i Dr. Jekyll and Mr. Hyde frå 1941.

Skrekkfilm er ein filmsjanger der målet med filmen er å framkalla sterke negative kjensler, som frykt eller avsky, hjå sjåaren. Historia dreier seg ofte om vondskap forårsaka av ein person, ei makt eller ei hending, gjerne i samband med overnaturlege fenomen. Sjangeren er nesten like gammal som filmkunsta sjølv, og kan sporast tilbake til kortfilmar laga av Georges Méliès i 1890-åra.

Skrekkfilmane er kjende for svært vonde og mektige personar. Gjengangarar i sogene er skremmande vesen som vampyrar, zombiar og andre former for gjenoppståtte døde, demonar, spøkelse, varulvar, eldgamle forbanningar, besetting, satanisme, kannibalar og utanomjordiske vesen. Seriemordarfilmar blir gjerne også plassert i skrekkfilmsjangeren.

Visse historier frå engelsk litteratur er blitt laga som skrekkfilmar fleire gonger, som Frankenstein (først filmatisert i 1908), Dr. Jekyll og Mr. Hyde (først filmatisert i 1910) og Dracula (først filmatisert i 1922, som Nosferatu).[1]

Skrekkfilmen er ofte assosiert med låge budsjett og mindre kjente skodespelarar, men det er også blitt laga filmar innan sjangeren av store filmstudio og respekterte regissørar. Kjende filmar innan sjangeren er Invasion of the Body Snatchers, regissert av Don Siegel i 1956, Rosemary's Baby, regissert av Roman Polanski i 1968 og Motorsagmassakren, regissert av Tobe Hooper i 1974.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Horror» på allmovie.com
Spire Denne filmartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.