Solsystemet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Solsystemet består av sola og dei himmellekamane som er bundne av gravitasjonen hennar.

Solsystemet vårt[endre | endre wikiteksten]

Illustrasjon av solsystemet vårt i storleiksskala (men ikkje avstandsskala). Frå venstre mot høgre ligg lekamane: sola, planetane Merkur, Venus, jorda (Tellus), Mars, Jupiter, Saturn, Uranus, Neptun og dvergplaneten Pluto.

Planeten vår, jorda, inngår i eit planetsystem med stjerna sola i sentrum. Dette kallar ein ofte berre solsystemet. Solsystemet er ein del av galaksen Mjølkevegen, og ligg omtrent 25 000–28 000 lysår frå galaksens sentrum. Solsystemet krinsar rundt Mjølkevegens sentrum med ein fart på omtrent 220 km/s, og brukar 226 millionar år på eit omløp.

Solsystemet vårt inneheld sola, åtte planetar, fem kjende dvergplanetar, over hundre kjende månar, og titusenvis av mindre himmellekamar som asteroidar, kometar og kuiperlekamar.

Planetane er, frå inst til ytst: Merkur (☿), Venus (♀), jorda/Tellus (♁), Mars (♂), Jupiter (♃), Saturn (♄), Uranus (⛢]) og Neptun (♆), og tradisjonelt òg Pluto (♇). Alle namna så nær som jorda er henta frå romersk mytologi. Alle planetane har blitt vitja av romsondar frå jorda i løpet av dei siste tiåra. Inntil Pluto blei omklassifisert som ein dvergplanet, var han den siste uutforska planeten. I 2015 vil romsonden New Horizons vitja Pluto slik at alle dei inntil nyleg ni planetane då vil ha blitt vitja.

Oppfatningar av solsystemet[endre | endre wikiteksten]

Det er først i relativt nyare tid menneska har hatt den oppfatninga av solsystemet som er rådande i dag. Tidlegare blei det trudd at jorda var i sentrum, og at alle andre himmellekamar krinsa rundt henne. Det var få instrument ein kunne sjå himmellekamane klårt med på den tida og dei få som eksisterte var for dårlege til å danne eit klårt bilete av heilskapen. Difor var det først når ny teknikk kom at menneska innsåg at det var sola som var sentrum i solsystemet, og at jorda var ein planet på like linje med dei andre planetane.

Det var Nikolaus Kopernikus som først laga ein vitskapleg modell av solsystemet. Planetane går i elliptiske banar rundt sola. Alle krinsar i same retning (med urvisaren, sett frå eit punkt over den sørlege halvkula; mot urvisaren frå eit punkt over Nordpolen), men med ulik fart. Alle banane ligg i same plan. Dette kunne astronomane rekna seg fram til basert på observasjonar gjorde med teleskop. Mesteparten av det som i dag er kjend om solsystemet, har blitt skaffa til vege av romsondar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Solsystemet
Solsystemet
SolaMerkurVenusMånenJordaPhobos og DeimosMarsCeresAsteroidebeltetJupiterMånane til JupiterSaturnMånane til SaturnUranusMånane til UranusMånane til NeptunNeptunMånane til PlutoPlutoKuiperbeltetDysnomiaErisDen spreidde skivaOortskya
Sola · Merkur · Venus · Jorda · Mars · Ceres · Jupiter · Saturn · Uranus · Neptun · Pluto · Eris
planetar · dvergplanetar · månar: Månen · marsmånar · jupitermånar · saturnmånar · uranusmånar · neptunmånar · plutomånar · erismånen
smålekamar:   meteoroidar · asteroidar/asteroidemånar (asteroidebeltet) · kentaurar · TNO-ar (kuiperbeltet/den spreidde skiva) · kometar (Oortskya)
Sjå òg himmellekamar, liste over lekamar i solsystemet, sorterte etter radius eller masse, og temasida om solsystemet
Spire Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.